Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå
Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 31. august til 3. september. Det er i år 100 år sidan Knut Hamsun skreiv romanen Markens grøde som han mottok Nobelprisen i litteratur for i 1920. Markens grøde blir overordna tema på litteraturseminaret og under dagane som heilskap. Den yngre garde får også ta del i markeringa med Markens grøde-seminar for elevane på den vidaregåande skulen og eit spesiallaga opplegg for elevane på ungdomsskulane med forfattar Aina Basso.
Elles er vi svært glade for å ha med oss Norges 57. morsomste mann, Are Kalvø, rockepoeten Tom Roger Aadland som har gjendikta fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk, diktardøtre frå dalen, vår eiga Ragnhild Kolden som i år har motteke strålande kritikkar for romanen Det gode vi ikkje gjer deltek med opplesingar i Lom, Skjåk og Vågå, og debutant Therese Tungen frå Kvam som har fått svært gode skussmål for novellesamlinga Ein gong var dei ulvar, Jens M. Johansson som skreiv ein av fjorårets mest kritikarroste romanar Et godt liv og Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med romanen Hennes løgnaktige ytre, ein roman om Anna Munch, kvinna som var besett av Knut Hamsun. I tillegg blir det opplesingar, måleriutstilling med Wilhelm Bjertnes, Ola Grøsland held årets Tor Jonsson-foredrag om Tor Jonsson og Knut Hamsun. Det blir Diktarmiddag på Fossheim med Are Kalvø og Endre Skjåk, konsertar og fjelltur. Sist men ikkje minst vil våre lokale diktardamer, Vera Henriksen og Lisbet Lid Venås, få sin velfortente heider og merksemd under dagane. Vel møtt!