TJ heading 

  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt
08jul

Arrangement og nye bøker

Berre kjærleik og dødDet blir meldt om stor oppslutning og interesse for Tor Jonsson rundt om i landet i jubileumsåret. Arrangementa har vore godt besøkt med fullsette salar på Nasjonalbiblioteket, under jubileumsmarkeringa i Lom, på arrangementa under Norsk litteraturfestival og rundt 400 møtte opp i Maridalen kirke. Bibliotek melder om Tor Jonsson-utstillingar, magasinet blir etterspurd og vi har fått mange positive attendemeldingar på produktet. Dette set vi stor pris på, og er takksame for alle som er med og bidreg til eit vellykka jubileumsår.

Utover sommaren og hausten blir det nye moglegheiter til å få med seg Tor Jonsson-arrangement. Fyrst ute er Tor Jonsson-foredrag med Håvard Teigen under Olsok-markeringa i Lom. I august markere Det Norske Teatret Tor Jonsson bl.a. med oppsettinga Berre kjærleik og død. Oppsettinga blir også spelt på Rui gard. Dei som ikkje har fått med seg konserten Hundre år med kjærleik og død med Tor Jonsson Orkester, får også nye sjanser utover hausten. Her finn de oppdatert oversikt over arrangementa. 

I løpet av jubileumsåret vil det òg bli utgjeve to nye bøker. Den eine er ei ny utgåve av Tor Jonssons prosa i samling. Dette er den fyrste fullstendige utgåva der alle artiklane er ordna kronologisk og alle prosatekster, skodespel og prologar er samla i eitt bind. Boka blir utgjeve på Oplandske forlag, og det er leiar i Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, som er redaktør for boka. Ho vil koma ut på marknaden rundt 1. september, til Tor Jonsson-markeringa under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. 

Den andre boka er tekster om Tor Jonsson som inneheld bidrag frå forfattarar og Tor Jonsson-foredrag som har blitt halde under Diktardagar. Denne boka kjem ut seinare i haust.

De som vil tinge prosa i samling allereie nå, kan sende kontaktinformasjon og kor mange eksemplar de ynskjer, så sender vi bøkene i posten så fort ho blir utgjeve. Prisen blir i underkant av 300 kroner.

Ting boka her.

Siste Nytt

  • Unge røyster. Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 30!
  • Diktardagar 2018
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"
  • Vår Frelsers gravlund 14. mai
  • Jonsson til jul!
  • "Berre kjærleik og død" på Trøndelag teater
  • Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå

Våre sponsorar

utcmd852ax64
stifting g-kultur-kvit 1692x611-300x108
oppland
lom skjaak
lom
kulturraadet
fritt ord
  • Admin
  • Sidekart
  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt