Tor Jonsson 1950

Avismannen Tor Jonsson

Frå 1943-45 er Tor Jonsson medarbeidar i Dølenes blad, seinare Dølabladet, på Otta. Det er fyrst og fremst satirikaren, humoristen og flåkjeften som slepper seg laus i spaltene. Han gøymer seg bak pseudonym, kallar seg Mikro, Kjeftausa og Kjatrik. Gunnar Reer Olsen, som var redaktør av Dølenes Blad da Tor Jonsson var der, fortel i ein kronikk i Aftenposten i 1972:

"Namnet (Mikro) var efter hans smak. Som den minste av de små kunde han lufte ut sin harme over alt han mente var vrangt og skakt i samfunnet, ikke minst over trangsynet hos bygdeautoritetene. Han hadde en lengere feide med "kulturmennene" i hjembygda Lom som nektet fremvisning av film, nektet dans, nektet folkeviseleik."

Som avismann fleipar han respektlaust med seg sjølv og andre. Det er alvor i skjemten og skjemt i alvoret, alltid med noko beiskt og salt i penneføringa som gjer han attkjennande også når han skriv usignerte artiklar og leiarar. 6. november 1945 blir han mellombels readaktør av Dølabladet på Otta. Han opnar med ein leiar om fri presse: "Det er kanskje den frie pressa som som skal bera fram dei idéane som må koma." Han er full av optimisme og pågangsiver, stridsglad og sikker når han skriv om "Ungdomsvegen i politikken", "Industri i fjellbygdene", "Atterreisninga", men på same tid har han eit ope sinn for dei som må lida. Landssvikoppgjeret er uungåeleg, men dødsstraffa kjempar han mot i artikkel etter artikkel. Han skriv om målsaka som står i "skorfeste" og får svar frå "dei heilnorske". Redaktørtida i Dølabladet blir stutt, men han fortset å setja sitt preg på avisa med hylling av kulturmennene i Ottadalen; Tore Ørjasæter, Sparre Olsen som blir ynskt velkomen til dalen, og Jan-Magnus Bruheim, diktarkollega og Tor Jonssons nære ven for livet, frå grannebygda Skjåk.

Men petit-journalisten fortel enda kva han synest om bladet og dalen i mørke stunder, og utover våren i 1946 blir det verre og verre for han å finne seg til rette i bladet. 16. april er namnet hans borte frå  lista over medarbeidarar i Dølabladet, men han gjev ikkje opp journalistdraumen riktig enda. 9. mai vert han redaktør for Hallingdølen. Hallingdølane er visse på at dei vil trivast godt med den nye styraren "for enda um han ikkje er halling, er han da døl." Og den nye styraren tek med seg si kjæraste spalte til bladet, "Lyrikk for livet", og opnar med eit dikt av Odd Berset:

"Vi krever ingen herlighet

og gull og grønne skoger

vi ber om mere ærlighet

og sterke, kvasse ploger."

Tor Jonsson er ikkje eigna til å skrive "til lags åt alle", og han ertar også på seg hallingdølane med sin kvasse penn. Han er opptatt av skattesnyteri, atombomba, striden om dødsstraffa, trongsynet og pietismen. Han slåss mot svartmoralistane og den kjempande humanisten i han slåss for trua på mennesket. Etterkrigsoptimismen i han er fortsatt levande. I julenummeret i 1946 skriv han på ny ein artikkel som set sinna i kok og presten tordnar mot forfattaren frå preikestolen fyrste dag jul. 9. januar 1947 står det ein liten notis i Hallingdølen om at Torgeir Lid overtek som redaktør. Ikkje eitt ord om Tor Jonsson, ingen kommentar, ingen takk.  

Men han fortset å skrive avisartiklar  i Arbeiderbladet, i Dagbladet, i Kvinnen og Tiden, i Heimen. Han skriv i brev til Sparre Olsen: "Eg driv mest og skriv for pengane si skuld, bladartiklar  som eg får både honorar og hogg for." Våren 1949 får han si faste spalte i det nye tidsskriftet Bygdeungdommen. "Tor Jonsson lyfter Kulturspegelen opp", skriv redaktør Elling Tjønneland. I alt skreiv han tjue "speglar" om drengjestover, fisketurar, dansefestar eller eit tilfeldig møte på ein busstasjon. Men også her kjem han opp i konflikter og i "Kaosspegelen" svarar han slik på motbøra: "Usæle er dei som veit alt, dei lærer ingen ting ... Når sanninga er så lettskjønleg at ho svæver tankane, da er mennesket i fare." Etter eitt år sluttar både han og redaktør Tjønneland i Bygdeungdommen.

Men han kastar seg på ny ut i avisskriving og ryk opp i eit frykteleg slagsmål om kunst og fattigdom i Arbeiderbladet, og i byrjinga av november kjem artikkelsamlinga Nesler ut. Ragnvald Skrede frå Vågå valde ut artiklane, dei fleste frå Kulturspegelen, ein frå Dagbladet. Nesler får ei stormande mottaking. Nesten alle var einige om at skribenten kunne skrive sjølv om dei ikkje var einige med han. Alfred Hauge i Stavanger Aftenblad skriv: "Den mannen som her talar han eig ein klår tanke og eit varmt hjarta midt i det at han kan vera hard så det svir." "Om det er ungdomslag eller andre lag som vil ha ordskrifte-emner til møta sine skal dei berre kjøpe Nesler og lesa opp ein av artiklane. Vert det då ikkje ordskifte, er det inga von", skriv Firdaposten.

Inger Heiberg skriv i etterordet til "Tekster i samling. Band 1", om prosaisten Tor Jonsson: "Slik Ei dagbok for mitt hjarte er blitt en utsoning av alt det vonde og bitre og såre i Tor Jonssons lyrikk, slik er det siste prosafragment vi har fra hans hånd, På haustblodut tuve, som en klar septemberhimmel over et menneskeliv. [...] Her er hans beske realisme, hans sviende selvironi, hans flerrende spott, her er svart fortvilelse og sprettende livslyst. Men alt fanges i hans store undring, hans åndeløse respekt for det ukjente, en lengsel ut over alle grenser. Ingen store ord, bare slike vi alle kjenner oss hjemme i:

"Vakrast er likevel kvelden, når det er så mørkt at ein ser att alt ein har sett før. Nei, aller vakrast er den klåre stjernehimmelen ... Og i alle slike kveldar er det godt å veta om andre menneske ein stad i mørkret ...""