forfatter

Lyrikaren Tor Jonsson 

Da Tor Jonsson døydde 14. januar i 1951, hadde han gjeve ut tre diktsamlingar, Mogning i mørkret i 1943, Berg ved blått vatn i 1946 og Jarnnetter i 1948. Han hadde òg gjeve ut ei artikkelsamling, Nesler, i 1950. Posthumt kom ei etterlatt diktsamling, Ei Dagbok for mitt hjarte, som Noregs Boklag ga ut i 1951. Seinare har Dikt i samling og Tekster i samling I og Tekster i saming II kome ut.  

Totalt er vel  400 dikt  og utkast til dikt teke hand om. Bortimot halvparten av desse er trykt i Dikt i samling. Manuskript til to refuserte diktsamlingar, eller delar av dei, er bevart. Den fyrste, Baksibragd, sende Tor Jonsson inn til Tiden Norsk Forlag, Gyldendal og Noregs Boklag hausten 1937. Konsulentane var alle positive, men konkluderte med at forfattaren må arbeide meir med stoffet sitt. Blant anna skreiv konsulenten i Gyldendal at «… denne diktsamlingen er bedre enn meget av det rytmeskvalderet som trykkes her i landet», og la vekt på dei modernistiske tendensane hjå Jonsson. Både konsulenten i Tiden og Olav Dalgard i Noregs Boklag som vurderte ei omarbeidd utgåve av Baksibragd i 1938, peikar på påverknaden frå Olav Aukrust: «I stor mun har han vore ringa inne i Olav Aukrust si verd.» Da Tor Jonsson slutta på framhaldsskulen fekk han ei diktsamling av Olav Aukrust i gåve og på skulen vart han kalla Vetl-Aukrusten. Aukrust hadde ei høg stjerne i bygda, og Inger Heiberg skriv i Tekster I at skuleungane kappast om å lære Aukrust-dikt utan att. Fleire av dikta i Baksibragd er nok inspirert av Aukrust, men ein finn òg døme på at guten frå Stusslegstugu gjer opprør mot diktarhovdingen frå ættegarden, til dømes diktet Mat og sjel.

At kvaliteten på dikta i Baksibragd var varierande, understrekar Halldis Moren Vesaas i si uttale til Tekster II: «Frå dei fyrste hjelpelause dikta her fram til det beste vi kjenner av Tor Jonsson har det skjedd ein reint ufatteleg vokster. Jamen kunne han vera glad fordi dei første manuskripta hans vart refuserte.» På same tid er eitt av dei versa vi kjenner best frå Tor Jonsson, opningsverset i Ordet, med i denne samlinga.

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

I 1942 sende Tor Jonsson inn ei ny samling til Noregs Boklag med tittelen I Menneskeham. Rolv Thesen er overtydd om talentet, men tilrår omarbeiding. Om lag halvparten av desse dikta blir med i debutboka Mogning i mørkret som kom ut på Noregs Boklag i 1943. I 1946 kom Berg ved blått vatn, i 1948 Jarnetter på same forlag. Det var desse diktsamlingane han rakk å gje ut medan han var i live. Posthumt kom samlinga Ei dagbok for mitt hjarte i 1951.

I "Kring diktaren og mennesket Tor Jonsson" i Dikt i samling frå 1967, skriv forfattaren og venen Tore Ørjasæter om Tor Jonsson. Han omtalar han som ei ny kraft i ung norsk litteratur, ei original og uttrykksfull røyst med sosialt ansvar og opprørsmot. Tor Jonsson var ein uredd mann som sa meininga si ende fram. Han er kjend for sine beiske utbrot og åtak på sosial uskikk, ikkje minst av det slaget som røter seg attende til det gamle bondesamfunnet. Men på same tid legg Ørjasæter vekt på Tor Jonssons store trong til forståing og varme.  Han førde uro og ordskifte med seg særleg gjennom prosaen, men ein finn det òg i lyrikken. Den originale krafta i forkynninga hans, den dramatiske nerva i verset, den nakne, maskuline stilen utan for mykje estetisk utmåling, kjenneteiknar diktinga hans.

Det er også mykje lengt i diktinga hans, mykje einsemd og melankoli, men han veit også at livet er rikt og fullt av løfte for den som er viljug og mottakeleg for gleda. Og den dystre mollstemde diktaren har skrive nokre av dei vakraste og mest kjende kjærleiksdikta i norsk litteratur, Norsk kjærleikssong og Når du er borte.

Norsk kjærleissong

Eg er grana, mørk og stur.

Du er bjørka. Du er brur

under fager himmel.

Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.

Du er såkorn, blankt og bjart.

Du ber alle voner.

Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.

Du er tjønn med himmel i.

Båe er vi landet.

Evig, evig er du mi.

(Berg ved blått vatn, 1946)

Når du er borte

Nærast er du når du er borte.

Noko blir borte når du er nær.

Dette kallar eg kjærleik -

Eg veit ikkje kva det er.

Før var kveldane fylte

med susing frå vind og foss.

No ligg ein bortgøymd tone

og dirrar imellom oss.

(Ei dagbok for mitt hjarte, 1951)

I den seinare diktinga var Tor Jonsson sterkt prega av dødsmedvit og eit stadig dystrare menneskesyn, og som eit leiande motiv bølgjer dauden gjennom dei siste dikta hans. «Ei dagbok for mitt hjarte er samtalor millom diktaren og dauden», som Tore Ørjasæter uttrykkjer det.

 

Sagt om diktaren Tor Jonsson:

«Tor Jonsson er utvilsomt en av de største lyrikerne i dette århundre. Han var fattiggutten fra Lom i Gudbrandsdalen, og ungdomstiden hans falt sammen med de harde tredeveårene. Han fikk tidlig erfare klassehat og slitet for det daglige brød, og kom til å stå i opposisjon til kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet. » Terje Stemland, Aftenposten, 1991

«Han er talsmann for ei klasse i folket som aldri har kome skikkeleg til orde før, nemleg etterkomarane til husmennen i landet.» Ragnvald Skrede 

«Det er en mandig tross i ham som bryter ut i hat og åpent opprør mot bygdemiljøet.» Helge Simonsen om Berg ved blått vatn

«Det er en av de mest gripende bøker som er utgitt på norsk sprog.» Terje Stemland, Aftenposten, 1991 om Ei dagbok for mitt hjarte

Redaktør Simen Skjønsberg: «Det var en stor ånd som hadde vunnet vennskapet og harmonien med utslettelsen. Utslettelsen som ikke er undergang, men seieren over både livet og undergangen i døden. Så harmonisk som disse siste linjer i hans hjertes testamente toner ut, tror jeg han døde:

No stormar all mi einsemd mot si grense.

Mitt liv var draum forutan dagklår visse,

Og difor eig eg ikkje jorda meir -

Men livet skal eg aldri, aldri misse.»