TJ heading 

  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt
22jan

Soga om steinrøysane

steinrøysFoto: NRK Alf Prøysen: Steinrøysa neri bakkenDet er ikkje berre Alf Prøysen som har skrive om steinrøysa i norsk litteratur. Tor Jonsson skreiv også om steinrøysane som han såg som eit minnesmerke over husmennene. Heile livet var Tor Jonsson oppteken av tilhøvet mellom husmenn og ættebønder. Han var sjølv son av ein husmann som hadde ein sterk og levande draum om å eige jord. Faren Johannes Jonsson hamna i ein lang og bitter strid om frikjøp av husmannsplassen Prestkroken i Lom. Jonsson tapte saka, og i 1924, da Tor var åtte år, måtte familien flytte inn i Stusslegstugu. Dette var ei stugu dei hadde reist på plassen til morsslektningane til Tor. Der hadde dei ikkje ein gong så mykje jord at dei kunne setje ei bøtte poteter. Å bli fattig var ikkje berre ei ulykke, det var ei grenselaus skam, skriv Tor Jonsson i artikkelen Husmannsvegen. I Soga om steinrøysane skriv han om framveksten av husmannsstellet, den rosemåla bonderomantikken, den egoistiske kakseånda som framleis rår og menneskeverd knytt til samfunnsklasse. Soga om steinrøysane vart fyrst publisert i Kooperatøren i 1947. Heile artikkelen er å finne i Nesler frå 1952 og Tekster i samling I frå 1973. 

Soga om steinrøysane

Soga  om steinrøysane i Noreg - det er soga om slit og fattigdom. Historikarane har lagt lite vekt på å syne fram innsatsen til fattigfolket gjennom tidene. Men likevel har fattigfolket i soga vår tusentals minnesmerke utover landet, gråsteinrøysar som talar sine tydelege ord om slit i grenselaus fattigdom og ein skræmeleg sum av naud og bitter sorg. Steinrøysane er vitne om ei tid som ikkje hadde vakna til medvit om menneskeverdet.

Sjå på steinrøysane kring gardane, i elvelanda og ikkje minst kring dei nedlagde heimane i utmarkene, der røysane har sige djupt ned i jorda. Da vil du kanskje kjenne ein samanheng med farne tider, ein samanheng som du ikkje finn i all den rosemåla bonderomantikken, ein grå samanheng. Det er som å sjå att den gamle skakke stova der far og mor døydde.

I steinrøysane trivst ingen romantikk. Alt er steinkald røyndom, historisk røyndom. Er røyndomen for grå til festbruk? Ta han med i festtalene likevel. Det er ikkje bra å lyge i borna ætt etter ætt. La det endeleg ein gong bli slutt på alt blindt og ukritisk kyt av gamletida og bondekulturen. La den historiske røyndomen få rive opp i romantikken, så kanskje ein og annan får vondt samvit av di han har idealisert ein faders sorg og naud.

Forresten er det i grunnen menneskeleg at vi helst vil sjå dei historiske solstrålane, vil gløyme alt det vonde. Du har fått deg opp eit nytt hus og har bra innkome, du vil helst gløyme at far din sleit seg ut for ei husmannsløn og budde i ei halvroten torvtakhytte. Men den vonde tida skal ikkje gløymast. For arven frå denne tida er framleis levande. Enno bur folk i gamle husmannshytter mange stader, enno set fattigdomen eit åndeleg trælemerke på borna. Og enno rår det ei egoistisk kakseånd i mange bygder. Vi vil sjå det sanne i soga av di vegen vi skal gå i framtid da blir klårare. Og det er vi som skal føre kampen mellom aristokratisk ættesyn og demokratisk samfunnssyn til ende. [...]

- - -

Den samla årsaka til at husmannsstellet voks fram, var fattigdomen. Slik samfunnstilhøva var den gongen, kunne ikkje bygdene skaffe gode nok levevegar til alle, da folketalet auka. Men husmannsstellet vart atter årsak til enda meir fattigdom og naud. For det første var det eit tungt slit å rydja og drive plassen attåt pliktarbeidet på garden, og for det andre kunne ikkje plassen skaffe levebrød til dei store barneflokkane, og bygdeproletariatet auka snøgt. I uåra vart det ofte hungersnaud blant husmennene. På mange måtar vart det lagt tyngsler på dei. I sume bygder hadde såleis alle husmennene pliktarbeid på prestegarden i slåttonna.

I litteraturen har vi ofte fått eit falskt bilete av den romantiske husmannshytta med den flinke barneflokken. Men det strålar ingen romantikk av husmannsstellet. Ikkje nokon stand har gjort slik innsats for landet i eit par hundreår som husmennene, ja, ein kan trygt seia at det var dei som la det materielle grunnlaget for nasjonalt sjølvstende ved arbeidet dei utførde i jordbruket.

Men bakanfor denne innsatsen skimtar vi eit liv i slit, fattigdom og saknad. Alt så tidleg som først i 1800 tok husmennene til å reise krav om betre kår sume stader, og i Thrane-rørsla var dei aktivt med. Men dei vanta opplysning og talsmenn. Sidan har den sosiale utviklinga avskaffa denne siste resten av trælehaldet her i landet og gjeve oss eit anna syn på fattigdomen og fattigfolk. Ingen skal lenger gå omkring på legd og få vanvyrdnad til takk når han har slite seg ut for andre.

- - -

Ein times ettertanke ved ei gamal steinrøys kan gje oss eit innsyn i soga som skulane aldri gjev. Stein er lagt på stein av trælar, løysingar, kotkarar og husmenn gjennom tidene. Ein endelaus her av menneske i slit og fattigdom teier. Men steinane talar. Og steinane talar sterkare etter som tida går. For vi er enno eit folk i sosial vakning, eit folk med aukande medvit om kva eit menneske er, og kva det er verd. 

16jan

Verst er å gå frå usådd åker og ufødd vår

halldisHalldis Moren Vesaas og Inger Smith Heiberg på eit Tor Jonsson-arrangement i Lom i 1982 framfor minnestøtta.Tor Jonsson sin gravferdsdag 27. januar var uvanleg kald, sjølv i fjellbygda. Men i kyrkja, som den døde hadde sagt og skrive så mykje stygt om, var det varmt. Kyrkja var overfylt av langvegsfarande gjester og sambygdingar. «Med blomar frå heile bygda står eg ved båra di, Tor. Det er ein takk for alt det du har vore og gjeve oss. Enkelte av folket har kanskje ikkje vore slik som dei skulle, men du tok kampen opp. Du brann for dine idéar, ordet skal rope uretten ut. Det du tolka skal leva om du døyr,» sa Ap-ordførar Jo Kveum.

Dei mange i bygda som ennå ikkje hadde forstått kor stor den spebygde sambygdingen hadde blitt, vart ganske glåmøygde. Sambygdingane las med oppsperra auge  nekrologane i dei store avisene:

«Han vil leva alltid i norsk lyrikk, enda han vart borte så tidleg, før han retteleg fekk ta til.»

«Mange bøker har han ikke gitt ut. Og likevel - han var den betydeligste av våre unge lyrikere. [...] Den som har møtt versene hans, vet at lyset fra navnet Tor Jonsson vil bli sterkere og sterkere etter som årene går,» spådde Odd Eidem i Verdens Gang.

«For det spraka og lyste av Tor Jonssons dikting. Tanken var klår, pennen var viljug og kvass. Og no då han slokna, berre 34 år gamal, var han ein av dei mest markante diktarprofilar landet vårt åtte,» konstaterte Alfred Hauge i Stavanger Aftenblad. 

«Med sine tre diktsamlinger [...] hadde han slått sitt navn fast og han var en av dem man stilte store og lysende forventninger til. Hans meislede epigrammatiske strofer hogg seg inn i bevisstheten. Og man glemte dem ikke så lett, - de hadde dype og tunge undertoner, de ble liggende og synge i en,» minte Eiv. H. i Aftenposten seg sjølv og lesarane på.  

Korkje Halldis Moren Vesaas eller mannen drog opp til Lom i gravferda. Han heldt ikkje ut tanken på å svare  på alle dei vanskeleg spørsmåla. «Du veit korleis det er i ei slik bygd. Dette ville eg ikkje inn i. Orka liksom ikkje å halde på å forklare om det lenger. So kom eg ikkje - endå eg svært gjerne ville vist Tor Jonsson denne såkalla vyrdnad,» skreiv Tarjei  Vesaas i eit brev til Tore Ørjasæter, som representerte forfatterforeininga. Halldis som kjende Tor Jonsson best av dei to, skreiv dette til minneprogrammet som NRK sende om diktaren.  

Halldis

 

Kjelde: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen. Avisutklypp: Nasjonalbiblioteket.

15jan

Venetapet

Einar tor jan stortTor Jonsson (t.v.), Einar Skjæraasen og Jan-Magnus Bruheim (t.h.). Tor og Jan-Magnus reiste ofte saman innover til Oslo på møte i forfattarforeininga. Dei løyvde seg nesten alltid nokre ekstra dagar i for- og bakkant. Her er dei heime hjå Kjetil Ljøstad saman med Einar Skjæraasen. Foto: NTB ScanpixI dagane etter dødsfallet var det mange som anklaga seg sjølve for ikkje å ha høyrt varselklokkene ringje. Tor Jonsson frikjende dei alle. Det er ikkje noko anna menneske som har skuld i at det gjekk slik med meg. Siste helsing Tor, skriv han i brev til nabo og syskenbarn Andreas Brunes. Mykje tyder på at Tor hadde brukt julehelga til å gå gjennom  alt han hadde skrive, og sortere ut det han ikkje ville ha att etter seg. I brevet til Ljøstad instruerte han forlagssjefen:

"Gode ven. Takk for alt du har gjort for meg. Det er ikkje så mykje eg har att av det eg har skrive, men kan det bli bok, kunne vel tittelen vera Ei dagbok for mitt hjarte, som eg nemnde."

Slik introduserte han desse dikta i manuskriptet han gjorde ferdig:  

Kvar gong når hjartet sleit seg fri 
frå alt det tankesvarte, 
da skreiv eg desse orda
i ei dagbok for mitt hjarte
 

Han brende mykje før han la seg ned for å døy. Tarjei Vesaas rapporterte i eit brev til Inge Krokann rett etterpå at "det låg eit tjukt lag med nybrend papiroske i peisen. Det er nok gått med mangt som ikkje burde..." Å brenne det han ikkje ville ha att etter seg, var altså noko av det siste han gjorde. Diktet Så stig da i meg einsemd, som han truleg skreiv i løpet av dei siste timane han levde, tyder på at han til slutt fann fram til eit avklara forhold til døden:

No stormar all mi einsemd mot si grense.
Mitt liv var draum forutan dagklår visse
og difor eig eg ikkje jorda meir -
Men livet skal eg aldri, aldri misse - 

I tida etter dødsfallet, fekk den unge diktaren stor merksemd i media i heile landet. NRK hadde minneprogram og radioteateret spelte dramaet hans, Siste stikk. I arkivet på Nasjonalbiblioteket finn ein 18 nekrologar og minneskriv frå aviser i hovudstaden og rundt om i landet. I dag deler vi Jan-Magnus Bruheim sitt dikt, Venetapet, i morgon Halldis Moren Vesaas sin nekrolog.

Venetapet
av Jan-Magnus Bruheim  

Ei uro jagar millom von og misvon -.
Han lever ennå. Her må skje eit under!
Men venskap bergar ingen mann.
Vi er åleine på ytste øy i våre tyngste stunder.

Det slokna ljos mot grye. Aldri skal
ditt hovud meire reise seg frå pute.
Uverkeleg og ørskegrå står dagen
med tunge augnelòk mot blinde rute.

Eit hjarte slutta slå sin tunge blodkolv,
ei live stupte under krav og kross.
Og døden kom. han lyfte krossen upp att
og la han tegjande og tungt - på oss.

- - -

Den fyrste dag - og alle dagar går.
Det snøar ute. Og eg står her inne
og ventar stilt. men snø fell aldri over
det nakne stjernehimmeldjup av minne.

Det bankar nattetid. Det opnast dører.
Og alt som hende - det er
nå det hender.
Det snøar på ei grav. Det er som frøyste tåror
or himmelauga over våre grender.

Eg står her framfor stengt, og kallar på deg
frå einsemdsstrandi ved den stille sjøen.
Og rope bryt or djupe: Kom attende.
Men venskap vekkjer ingen upp frå døden. 

Kjelder: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen, Dikt i samling av Tor Jonsson. 

14jan

Lik ein fugl med broten veng

Tor JMåleri av Knut LjøsneOslo, 9. - 14. januar 1951

Seint på ettermiddagen første måndagen i andre veka på nyåret 1951, låg to diktarar i kvar si seng på eit rom på Bondeheimen i Oslo.

Den eldste av dei to tenkte på korleis han skulle leggje fram ærendet sitt. Kona hans, som kjende romkameraten langt betre enn han, hadde instruert han om å vere ekstra forsiktig og ikkje by den andre den minste snev av velgjerning. Den eldste  hadde skrive mange romanar og enda fleire dikt og noveller, men han streva med å formulere inni seg ein invitasjon til den andre om å bli med heim til han, kona og ungane i Telemark. Det vart til at han ikkje sa noko om dette. Han bestemte seg for å vente, til dei skulle treffast att utpå natta eller neste morgon.

Diktaren i den andre senga var heilt sikker på at den eldre kollegaen hadde høyrt om sjølvmordsrykta. Han las nokre dikt. Høgt. Og kaldprata. Snart gjekk dei båe ned i resepsjonen.

Tarjei Vesaas gjekk mot Det Norske Teatret. Tor Jonsson sette kursen mot Arbiens gate. Der møtte han ei kvinne. Deretter drog han attende til hotellet, skreiv ein kort beskjed til Tarjei Vesaas, bestilte ei drosje og bad om å bli køyrd til Ingierstrand.

Ved halv eitt-tida kjem Vesaas attende til hotellrommet. Den andre senga er tom. Det reagerer han ikkje på, han veit kor dryge kveldane kan bli for diktarar som hamnar i godt selskap. Men så får han auge på ein lapp på senga: "Eg måtte reise. Hels Halldis og Olav og Guri. Farvel."

Vesaas reknar med at romkameraten dukkar opp i løpet av natta, viss ikkje søv han kanskje over hos Ruth Alvsen. Dagen etter er Vesaas oppteken mest heile dagen med å prate med folk som vil lage film av Dei svarte hestane. Men av fleire på byen får han stadfesta at Tor Jonsson har vore i elendig form den siste tida, til dels sterkt nedfor.

Neste morgon, torsdag 11. januar, ringjer han heim og gir beskjed til Halldis om at han blir ein dag lenger i byen. Deretter dreg han ut til Ingierstrand for å be Tor heim til seg og forsikre seg om at han har det bra.

Ute på Ingierstrand er det målaren Arne Stømne som opnar døra. Han gir beskjed om at diktaren er på rommet sitt. Stømne fortel at han søv. Vesaas bankar på, etterkvart hardt og lenge. Ingen svarar. Døra er låst, men dei kan høyre snorkelydar. Til slutt sprengjer dei døra og bryt seg inn i rommet. Ingen er i tvil om kva som har hendt. Tor Jonsson ligg i koma på senga. Dei får tak i sjukebil som reiser direkte til Ullevål sykehus med Tor Jonsson.

Neste dag dreg Tarjei på ny ut til Ingierstrand. Han er saman med to av Tor Jonsson sine aller næraste vener, Kjetil Ljøstad og Jan-Magnus Bruheim, som heiv seg på første tog til hovudstaden etter at han fekk den forferdelege telefonbeskjeden frå Tarjei Vesaas. Inne på rommet ser det ut som om Tor Jonsson nesten var ferdig med å rydde og pakke. Fleire koffertar og vesker står klare. Ei pakke, merkt "Til forlaget", ligg på eit bord. På arbeidsbordet ligg fleire brev, eitt til Ljøstad. Her gjev han instruksjonar til forleggjaren sin: "På første bladet ville eg gjerne det skulle stå Til Ruth, men det måtte du i tilfelle spørja Signe Tharaldsen, Arbiensgt. 3 IV etter.* Dessutan ville eg gjerne at Ruth skulle lesa gjennom manuskriptet først, om ho vil." Framfor senga ligg eit ark. Det er diktet Eg åtte ikkje kjærleik. 

Eg åtte ikkje kjærleik
men tala pent med englemunn
og alle mine tome ord
gjer stygg mi levestund.

Eg såg det vonde koma
og visste kva det galdt
men åtte ikkje kjærleik
og difor sveik eg alt.

Eg brann for alle arme
og stod i broderring,
men åtte ikkje kjærleik
og difor er eg ingen ting.

Eg åtte ikkje kjærleik
og difor er eg jord.
Men kanskje finst eit rike
der einast kjærleik gror.

Gjev meg svolt og svide,
gjev meg einsemd på ei øy.
Den som elskar han skal sigre
over døden med å døy.

Døden går i verda
skapar dagen om til natt.
Der skal døden overvinnast
kjærleik einast leva att.

Gjev meg gull og grøde
gjev meg meire enn eg treng.
Ein gong skal eg døy i einsemd,
lik ein fugl med broten veng.

På sjukerommet vakar Jan-Magnus Bruheim over venen. Tor Jonsson lever torsdag. Han lever fredag. Han lever laurdag. Etter litt over seksti timar på det store sjukehuset i hovudstaden, klokka fem over fem søndag 14. januar 1951, idet ein kald vinterdag var i ferd med å bli fødd, passerte nattdiktaren Tor Jonsson grensa.

* Signe Tharaldsen var hybelvertinna til Ruth Alvsen og ei av dei aller siste Tor Jonsson var i kontakt med.

Kjelde: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen. Bilete: Måleri av Knut Ljøsne

08jan

Sløkk ikkje elskhugelden som brenner mi sjel

2016 01 08 12.20.226. - 8. januar 1951

Ein av dei første dagane på nyåret, oppsøkjer han barndomsvenen Lars Ekre, som også bur i Oslo. Dei to har ikkje hatt så mykje kontakt i vaksenlivet. Dei nesten jamgamle lomværane pratar denne kvelden mykje om far til Tor Jonsson, Prestkroken-striden og presten Smith. Ein bitter Tor Jonsson har bestemt seg for å skifte namn. Filologen Lars Ekre vil gjerne vite kva slags namn han vil ta, og etter litt lirking og luring kjem han med det: Tord Kroken. Dei blir sitjande utover natta. Lars Ekre opplever eit menneske som skjer stykke av seg sjølv.

Søndag 7. januar er Tor Jonsson invitert heim til Ljøstad på selskap. Dei er tre par, pluss diktaren: vertskapet, Sara og Sigmund Moren og Ingrid og Magne Nybakk. Tor Jonsson har lova å kome. Kvelden før selskapet skal haldast ringjer det på i Camilla Colletts gate, der Ljøstad bur saman med kona Margit og tre vaksne barn på veg ut i eigne liv. Utanfor står gjesten, som er invitert først til neste kveld. Han er nokså full, og utan innleiande høflegfrasar tek han til å prate om det ulykkelege forholdet mellom han og Ruth Alvsen. Han har også med ein bunke dikt som han vil ha ut snarast. Han insisterer på at Ragnvald Skrede skal vera konsulent. Det finn Ljøstad underleg, for han har høyrt Tor Jonsson sjølv leggje ut i krasse ordelag om kor blodige uvener dei to er etter ein duell i Arbeiderbladet i oktober.

Det er frå første stund ei ganske trykt stemning i selskapet dagen etterpå, for dei ventar alle spent på Tor Jonsson. Han dukkar ikkje opp til avtalt tid. Vertsskapet må til slutt be gjestane gå til bords likevel, men ingen har noka stor glede av maten og drikken, for dei fryktar det verste. Når dei er ferdige med å ete, ringjer det på døra. Dei seks vaksne i stova pustar letta ut når dei oppdagar at det er Tor Jonsson som endeleg kjem. Han er ikkje aleine, han har med seg Ragnvald Skrede. Etter kvart kjem det fram at dei to har røykt fredspipe og utan tvil også drukke godt til, for båe er godt rusa. Tor Jonsson så mykje, faktisk, at dei må rasjonere med drikkevarene han vil ha i seg. Ingen i laget får dempa uroa si over korleis det skal gå med han i løpet av denne kvelden. Han syner meir og meir omsynslaust fram kor langt nede han er.

Når han går frå Camilla Colletts gate natt til måndag 8. januar, reiser han ikkje ut att til Ingierstrand. Han tek inn på Bondeheimen. Han oppheld seg i byen også neste dag og overnattar på ny i ei seng på Bondeheimen. For tysdag har han avtale om å treffe Sparre Olsen, som er særs uroleg for venen. Dei har avtale om å møtast på ein restaurant. Tor Jonsson, som helst kjem for tidleg, dukkar ikkje opp til avtalt tid. Når han fyrst kjem, gir han klar beskjed om at han har dårleg tid. Han gjer eit nummer av at han har  avtale med nokre kvinnfolk på Blom. Det kan sjå ut som han vil briske seg, ved å fortelja kameraten  at det finst fleire kvinner i verda enn Ruth Alvsen.

Komponisten finn det meir enn underleg at diktaren, som han veit har eit så anstrengt forhold til Olav Aukrust, fleire gonger under møtet mumlar fram nokre lausrivne Aukrust-sitat. Ved orda «Tidi må breste der æva gror» - er det som om han stoggar og tenkjer, ser komponisten.

Sparre Olsen prøver å få i gang ein samtale om Aukrust, men da bjeffar Jonsson: «Aukrust var genial, ved sida av få andre i norsk dikting!» Men han presiserer at dette gjeld berre dersom Aukrust blir vurdert etter det beste han har skrive. Tor Jonsson insisterer på å betale, og når han dreg opp av bukselomma nokre krøllete tikronesetlar, følgjer det med nokre papirlappar han har skrive dikt på. Han syner fram den eine.

Eg gøymer ei hjartesorg.
Eg gøymer ho vel.
Å, sløkk ikkje elskhugelden
som brenner mi sjel. - -

Kjelde: Berre kjærleik og død, Ingar Sletten Kolloen. Foto: Ruth Alvsen og Tor Jonsson fotografert i Oslo hausten 1950.

07jan

Berre kjærleik og død

9788252163254 product fullVi skriv 2016 og er inne i jubileumsåret til Tor Jonsson. Vi kjem til å oppdatere heimesida minimum ein gong kvar veke gjennom heile året med tekster av og om forfattaren. I tillegg vil vi informere om arrangement og andre aktuelle saker knytta til Tor Jonsson og jubiléet. 

Vi kunne starta med byrjinga. Tor Jonsson, fødd på ein av dei vakraste vårdagane, 14. mai i 1916 på Prestkroken i Lom, ein husmannsplass under prestegarden. Tor, den skuleflinke guten som dei kalla Vetl-Aukrusten og som lærarinna Randi Bojer og faren hennar, Johan, ville hjelpe slik at han fekk høve til å studere. Vi kunne starta med at han stod på toppen av si diktarkarriere på denne tida for 65 år sidan. Han hadde skrive seg inn i den norske litteraturhistoria med nokre av våre mest kjende og kjære dikt som Norsk kjærleikssong, Når du er borte og Ordet. Men dessverre er det mest nærliggjande å starte med slutten denne gong. Januardagane vi er inne i fell saman med Tor Jonsson sine siste levedagar i Oslo i 1951. Vi vil i dei komande dagane dele korte tekster om kva som skjedde desse siste dagane i livet hans. Tekstene er basert på biografien Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen.

 

I 1950 flyttar Tor frå Lom og inn til byen. Mora døydde tidlegare dette året, og om vinteren leiger han eit hus nede ved Bunnefjorden på Ingierstrand. Både diktaren og skribenten Jonsson har medvind som aldri før. Han har hausta rosande omtaler for dei siste diktsamlingane Berg ved blått vatn og Jarnnetter og har etablert seg som ein av dei fremste lyrikarane i si samtid. Tidlegare dette året har han gjeve ut artikkelsamlinga Nesler som får ei stormande mottaking. I november får han pris for Siste stikk som blir kåra til det beste amatørteater-stykket i 1950. Men Tor Jonsson er langt frå lukkeleg. Han slit med depresjon som han kurerer eller nører opp under med medikament og alkohol. Han har ei fersk kjærleiksssorg over Ruth Alvsen, journalisten han har hatt eit forhold til denne hausten. Etter å ha lengta seg sjuk etter kvinner i nesten tjue år, fann han endeleg draumekvinna i Ruth, men forholdet vart kortvarig. Han skriv om det han tenkjer meir og meir på som grev ei stadig djupare renne i sinnet hans: «Nedanfor hytta ligg fjorden svart og sjølvmorddjup. Uhyggeleg still.»

Jula 1950 oppheld han seg aleine i byen. Straumen har gått på Ingierstrand, og julenatta går han ute i bygatene heile natta. I slutten av desember, høgst sannsynleg 29. desember, får han besøk frå Gudbrandsdalen. Ole Arnfinn Torgersrud og Kristian Tofthagen har høyrt at det står ille til med kameraten. Trioen hamnar på Blom om ettermiddagen. Fleire gonger tidlegare på dagen har dei prøvd å få tak i Ruth Alvsen. Dei forfattar eit brev. 

Først skriv Tor Jonsson: 

Kjære Ruth.

Torgersrud, Kristian Gausdøl og eg sit på Blom. Vi har ringt deg, men du var ikkje heime. Torgersrud ville prate med deg. Vi skal drikke 3 halve vin, ei for deg og to for andre vakre gjenter. (Den eine flaska var mykje betre enn dei andre, synest eg.) Helsing Tor.

Torgersrud og Tofthagen skriv også sine helsingar i brevet til Ruth, og i løpet av kvelden syner Tor fram diktet Kjærleik til dei.

Hav i min hug,
no voggar du over ein blømande skog.

Eit hav som fløymer og aldri fell,
stig imot fjellet eg ein gong fann,
mitt einslege fjell.

Eitkvart skal skje -
Når hugen er fullflødd av sorg, finn eg fred.
Men over hav i den lange natt
flyg det ei duve eg sleppte ut -
Ho kom ikkje att.

Seinare på kvelden tek Tor Jonsson fram brevet att, høgst sannsynleg i einerom, truleg på toalettet, og set desse orda ned på papiret: «Blom om kvelden. Du kjære. Desse orda skal ikkje dei andre sjå. Eg har det vondt, for det eg veit at eg har gjort så vondt mot deg. Du hadde rett. Eg er egoist. Men dersom eg gjev deg lov til det, kan du hjelpa meg. Sist vi var saman kom den gamle trassen og kulden over meg, og eg vart vond. Hadde du enda visst kor eg lengtar etter å bli varm som du, kunne sjå blomane og stjernene som du. Nei, det var ikkje noko tilfelle at vi møttest. Utan møtet med deg hadde ikkje livet mitt vore noko liv.» 

Nå er han komen heilt ned på sida på arket. Han snur det og held fram: «Eg vil halde ut, vera nær deg, slik som du vil. Kan eg gje deg noko, så er det til lykke for meg. Aldri kan vi skiljast kjære. Det er noko mellom oss som eg knapt skjønar enno. La dei lykkelege leva i sin lykke, vi høyrer kvarandre til på ein annan måte. Dette er noko som er uklårt for meg enno, men eg kjenner det brått slik i underlege stunder. Det må vera noko du har anda inn i meg, kjære. Eg vil ikkje lova å bli eit betre menneske. men ein gong må eg våge å sleppe laus dette som krev utløysing djupast inne i meg. Elles får eg aldri ro. Å, eg kjenner det no kor eg skal forme det du har skapt i meg. Tru meg. Det er slik eg er. Og vi skal vera saman alltid. Lev vel. Helsing guten din.»

Anten denne kvelden eller neste dag legg han brevet i ein konvolutt saman med eit fotografi av seg der han skriv: «Til mi  kjære Ruth frå Tor, 29/12 - 1950». Brevet blir ikkje postsendt, men levert Ruth Alvsen anten direkte eller via ein mellomperson.

04des

Jubileumsåret 2016

tj2

Tor Jonsson vart fødd 14. mai 1916. Opningsarrangementet i jubileumsåret er lagt til laurdag 21. mai i heimkommunen Lom. Da vil Aslak Brimi og Hildegunn Hovde ha første framføring av konserten «Tor Jonsson - 100 år i kjærleik og død». Dei har sett tone til fleire dikt av Tor Jonsson og har med seg Aasmund Nordstoga som gjesteartist. Denne kvelden blir det også fleire andre innslag som markerar at diktaråret startar.

Det vil òg bli ei markering av at Tor Jonssons-plass utanfor kommunehuset har vorte oppgradert og gjort meir synleg og tilgjengeleg. Etterpå blir det vandring der vi les høgt frå «ord i stein». Sitat av diktaren har fått sin plass rundt omkring i bygdesenteret.

Allereie helga etterpå vil Tor Jonsson ha ein sentral rolle på siste dagen av Litteraturfestivalen i Lillehammer. Teaterstykket «Berre kjærleik og død» av Ingar Sletten Kolloen vil ha nypremiere. I tillegg vil det bli diktlesing og andre innslag av og om Tor Jonsson.

Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå 2.-4. september har Tor Jonsson som diktardagsdiktar dette året. Litteraturseminaret vil ha «Bygda» som hovudtema, sjølvsagt inspirert av diktaren: «Flukta frå landsbygde», «Bygdedyret» og «Burte fann eg bygda att».

I samarbeid med Nynorsk kultursentrum vil Tor Jonsson-laget arrangere skrivetevling for ungdom mellom 16 og 19 år med tema «Bygda». Dei vidaregåande skulane i dalen vil bli særskilt oppmuntra til å delta, elles blir tevlinga open for ungdommar frå heile landet. Det blir sett opp premie til vinnaren og vinnarteksta blir framført under Diktardagar. Detaljane kring skrivetevlinga er ikkje på plass enda, men om alt går etter planen, startar marknadsføringa på nyåret.

Tor Jonsson brødfødde seg i periodar som journalist – og han lika å trakke makta - og maktene - på tærne. Inspirert av dette arrangerer Tor Jonsson-laget eit journalistseminar kalla «Motstraumsjournalistikk» i samarbeid med Hallingdølen der han var redaktør og Landslaget for lokalaviser (LLA). Seminaret er lagt til Ål 21.-22. september.

Det vil truleg bli fleire konsertar og teater i juni, juli og august. Tor Jonsson vil sikkert også få plass på mange litteraturfestivalar i løpet av sommaren og hausten. På dei mange litteraturhusa er litteraturen på dagsorden heile året.

Tor Jonsson-året:

(fastlagte datoar per 1 desember 2015)

Etterjulsvinteren: Skrivetevling for ungdom. Tema: «Bygda»

21. mai: Opning av Tor Jonsson-året i Lom

29. mai: Litteraturfestivalen på Lillehammer

2.-4. september: Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå

21.-22. september: Journalistikkseminar på Ål

 

  • 2
  • 3
  • 4
  • 5

Siste Nytt

  • Nærast er du når du er borte. Dikt i samling
  • DØDSDAGEN
  • Minnemarkering
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"
  • Unge røyster. Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 30!
  • Diktardagar 2018
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Våre sponsorar

  • Admin
  • Sidekart
  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt