Vandring på "Vår frelsers gravlund"
Arrangementet "Vandring på Vår frelsers gravlund" som skal gå føre seg på Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai, nærmar seg. Prisen er 450 kroner som inkluderer middag på Bondeheimen med underhaldning. Påmelding og betaling til konto 2085 25 52558 innan 3. mai. Merk betalinga "Vandring".
Arrangementet kom i stand på bakgrunn av artikkelen under som Tor Jonsson hadde på trykk i Dagbladet 5. august 1950.
Vandring på "Vår frelsers gravlund"
Eg går her og vandrar på «Våre frelseres gravlund». Vandrar med seine kyrkjegardssteg og slepper tankane ut på vidotta. Går her utan å tenkje over at slik vandring og slik tankeverksemd i grunnen er asosial.
Eg vil ikkje nett seia at eg høyrer til dei gravferdsglade som møter fram og græt over alle graver. Heller ikkje er det nokon dragnad mot døden som driv meg inn mellom alle dei stygge monumenta over norsk steinindustri.
Nei, det er blomane. Alle desse trøysteblomane som står og er hjartelagssurrogat på gravene.
Ein gong hata eg blomane. Det var den tida eg sveitta og bar jord og møk hos ein pen gartnarnellik. Det trengst ein viss porsjon dagdrivaroverskot skal ein elske blomar. Ein må liksom seia farvel til alle grender og gater der dei trøytte henders gud lever sitt liv. Ein må kjenne seg som andre potens av seg sjøl og tru at vårt latinske alfabet har noko med ånd å gjere. Så bør ein lulle litt over sin barndoms vitaminhunger og sin ungdoms seksualhunger og seia i namnet til Mennesket, Ånda og Verda. Dessutan bør ein vera så sosialt interessert at ein plantar roser på fattigmannsgraver ein gong iblant. På denne måten kan kvar stuslegstugu-gut få litt kulturparfyme i håret og måle seg med gamle embetsmannsfruer som trur på Gud og elskar geranium.
Det er lenge sidan eg plukka klungerroser i røysene heime. Men utan at ein omvender seg og blir som barn att, kan ein ikkje koma inn i kulturriket.
Det hender nok eg set både meg sjøl og andre kulturskrivarar i parentes med eit NB! Svindel! etter. Men kva skal den fattige gjera? Korkje blad eller forlag betaler honorar for det ein går ikring og er ærleg. Ærlegdom er ei vare der pris og tilbod ikkje har noko med einannan å gjera.
Eg går her fattig og full av ord og villar meg bort blant direktørgravene på «Våre frelseres gravlund». Brått stoggar eg ved grava hans gamle Ivar Aasen. Det høver i grunnen dårleg at du ligg her, Ivar. Du var ingen frelsar. Du veifta ikkje med filleskjorta over sjølvsagde teoriar. Du gjekk berre og mulla nokre songar vi aldri kan gløyme. Nei, du høyrer ikkje til her. Du skulle lege på ein bortgøymd kyrkjegard i ei bygd, der dei ikkje har andre frelsarar enn Riksteatret.
I kunstnarane sitt himmerike er det trongt no for tida. Men gudskjelov, det er godt rom på kunstnarkyrkjegarden enno. Pene plenar gjev liksom dødsrom og dagleg vyrdnad for kunstnarar og kunstige frelsarar. Trø ikkje på plenen! Dei store må ligge i einsemd skal dette åndssprengde folket hugse at dei er store. Kringom ligg næringsmennene som har frelst vårt folks fridom og fattigdom med sine tiltak.
Men likevel – det kan koma tider da vi må trø på plenane. Det har vore god framgang i frelsarfaget, og eit ufrelst kulturfolk må fara fint med frelsarane sine etter kvart som dei døyr. Dei må ha stein og blomar. Sving hamaren, steinhoggar! Grav i jorda, gartnar! I morgon kan ein av frelsarane døy av matforgiftning, og da må alle arbeidsmaurane stå ferdige til å pynte Den heilage grav.
Eg tenkjer først og fremst på desse som atter og atter gjev ut frelsarorda sine i bokform. Ikkje slik som berre knyter romanknutar og løyser dei opp att på siste sidene, men verkelege diktarar som har sett eine auga i pant for åndeleg klårsyn og veit om ein eller annan asfaltert frelsarveg.
Eg veit ikkje om det har vore nemnt før, men det kan iallfall ikkje vera til skade om ein tek det opp att: Det er ei fæl tid vi lever i. Det er noko farleg ein stad. Resultatet er angest. Men i grunnen er det angesten som er farleg.
Ja, slik må det altså seiast når ein skal vera åndeleg og upolitisk.
La oss altså halde fast på dette: Det er noko farleg ein stad, noko som kan øydelegge vår kultur, vår fortidsdyrking og framtidsskodde, vårt celluloseåndsliv og – det verste av alt – sjølve Ånda, som visstnok skal finnast ein stad bak all cellulosen.
Jaja. Her må noko gjerast, her må det frelsast. Det er ikkje nok med hallelujamøte, det må konstruerast eit frelsesystem som kritikarane godkjenner. Det må finnast ein eller annan metode til å frelse han Ola Normann frå angesten i tida, han er da gudhjelpemeg så redd at han skjelv i brokabaken midt i hardaste slåttonna.
Men det er mangt som kan frelse menneskja. T.d. Mennesket med stor M. Eller rettare sagt trua på mennesket. Eg har forresten ikkje gode røynsler i så måte. Eg trudde på han Per i mange år, trudde på det gode i han etter ekte humanisisk oppskrift – heilt til han snytte meg for hundre kroner. No går han ikring med dette vakre kjeltringsmilet som sume kjøpmenn brukar til reklame.
Denne trua på det gode i mennesket – jaja, det er liksom litt ukultivert å flire av det òg. For denne trua er eit foreldrelaust barn som er adoptert av høgåndelege krinsar av di Indremisjonen har gjort Herren din Gud til ein streng og upopulær Gud. Vår tids ungdom er berre shorts og skinn, og korleis skal ein få slik ungdom i tale når ein påstår at ein kjem frå Gud? Nei, da er det kanskje lurare med denne trua på mennesket, trua på Liaklev og Stokken og oss alle andre.
Men så er det sume av frelsarane som liksom synest denne mennesketrua er for abstrakt, og så spesialiserer dei seg på kvinna. Kvinna er det som skal frelse oss! Ho har slike kvite, mjuke hender som høver saman med blomar i dikt. Og så hender det iblant at ho ber eit barn under barmen. For ein rikdom av frelsande symbol midt i ei tid då åndsmenneska talar varsamt om angesten så dei kan halda fram med å vera politiske albinos. Og kvinna frelser oss i vers etter vers, som alle er inspirerte av madonnabilete i gamle julehefte. Vi er snart så frelste at vi orkar ikkje å flire, men di meir kjem etterkomarane våre til å flire av denne sentimentale snufsinga vi kallar dikting.
Men vi treng gravplass til alle frelsarane i framtida. La dei få sine åndsaristokratiske graver på plenane her i «Våre frelseres gravlund» nedanfor Bjørnsons falne fane. Bjørnson, ja! «De gode gjerninger redder verden.» Liksom det skulle vera noko å basunere ut! Det lærde vi da i første timen på folkeskulen.
Slik går eg og småkokar av eksplosjonar her på gravlunden. Går i ein grå, vengeskoten dag. Går og veit at verda vil ha mange, mange småfrelsarar. Han sjølve Frelsaren starta med eit så stort program at ingen makta å fylgje, og så vart det berre kyrkje av det. I staden kom alle dei gløgge, oppfinnsame småfrelsarane.
Det kan nok vera lettvint med slik patentfrelse, men eg elskar ikkje ekstatisk raping over råkostfatet. Eg må tenkje på det ho sa, kjerringa, som hadde kome i hypokonderlag: «Åja, ein lyt vera til den som er frisk òg.» Men er det slik at eg treng ei tru iblant, så trur eg at sanninga ligg ein stad mellom ja og nei.
Det er stilt her på gravlunden. Så stilt skal det bli ein gong kring alle småfrelsarane i åndslivet.
Foto over: VisitOslo