Diktardagar 2018
Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 30. august til 2. september.
Hovudtema for Diktardagar 2018 er barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne
litteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og
unge? Det er også temaet for det årlege seminaret laurdag 1. september. Ei av dei
mest kjente og prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr. Ho kjem for å delta
både på seminaret og på andre arrangement.
Sidan det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil vi også markere
det, mellom anna med ei vandring i fotspora hans i Vågå, og ein Vinje-kveld, der det
blir konsert med Aasmund Nordstoga. Vinje var fleire somrar i våre traktar, særleg
som ivrig fjellvandrar i Jotunheimen, noko NRK-programmet «Med Vinje i
Jotunheimen» viser.
Til festkvelden i Utgard har vi fått Sigrid Moldestad med musikarar.
Som vanleg blir det eit omfattande program, i tillegg til det som er nemnt, er det
forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud på skular, forfattaropplesing, filmframsyning, kurs i kreativ skriving for
ungdommar, lansering av Barnedikt i utval av Jan-Magnus Bruheim, diktardagarmiddag,
pubkveld, Tor Jonsson-foredrag, bokbad, bokutstilling, program om
barnebokforfattaren Tea Kummen.
Velkomen til Diktardagar i Skjåk, Lom og Vågå,
Vi håper å sjå mange av dykk der.
Les heile programmet og meir om Diktardagar 2018 på heimesida: http://diktardagar.no/