OVERSYN JUBILEUMSÅRET 2016

 

APRIL

26. april:                  "Tor Jonsson i ord og tonar". Konsert med Camilla Granlien på Nord-Fron bibliotek

MAI

2. mai 19.00:           "Kjærleik og død". Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo, Ruth Lillegraven på Nasjonalbiblioteket. 

4. mai:                    Ingar Sletten Kolloen held foredrag om Tor Jonsson for Diktets venner i Skien

11. mai:                   Tor Jonsson på biblioteket i Harstad. Lars Bremnes syng Tor Jonsson-tekster.

13. mai:                   "Tor Jonsson i ord og toner". Camilla Granlien og Annar Bye på Skedsmo bibliotek 

14. mai:                  Tor Jonsson-magasin blir distribuert i 20.000 eksemplar. Magasinet har blitt til i samarbeid med avisa Hallingdølen.

20. mai:                  "Einseto" i sal. Ny plate med dikt av Tor Jonsson med Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og musikarar.

21. mai:                  Opning av Tor Jonsson-året i Lom

 

- Nyopning av Tor Jonssons plass. Vandring: Ord i stein 

- Festkveld i Utgard: Festtalar Andreas Hompland, Lom spelemannslag, elevar frå Lom ungdomsskule og konserten "100 år i kjærleik og død" med nye tonar til dikt av Tor Jonsson med Hildegunn Hovde, Aslak O. Brimi og Tor Jonsson Orkester. Gjesteartist: Aasmund Nordstoga

- Festmiddag på Fossheim

28. mai:                  Litteraturfestivalen på Lillehammer

- Teaterstykket Berre kjærleik og død

MAI

 5. juni:                Maridalen kirke: Kulturkveld med Tor Jonsson. Kåseri og konsert med Tor Jonsson Orkester; Hildegunn Hovde, Aslak Brimi med musikarar.

JULI 

29. juli:               Håvard Teigen held Tor Jonsson-foredrag på Olsok i Lom

AUGUST

22.-27. august:      Tor Jonsson på Det Norske Teatret:
24. august:          Berre kjærleik og død - Teatersalen Rosenkrantzgate 8
24. august:           Prosa i utval. Tor Jonsson - Aleine med seg sjølv - Scene 3
25. august:           Lyrikk i utval. Tor jonsson - Aleine med seg sjølv - Scene 3

25. august:          Berre kjærleik og død - Rui gard

26. august:          Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Litteraturdagane i Vinje                

SEPTEMBER

1. september:        Tor Jonsson i skjemt og alvor med Hildegunn Hovde, Aslak O. Brimi, Stein Magne Eggen og Even Lusæter. Nordgard Aukrust

2.-4. september:     Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå. Tor Jonsson er diktardagardiktar. 

3. september:           Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Gjendesheim    

14. septemeber:       Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson. Kåseri med Andreas Hompland, for BUL i Teatersalen

16. september:         Berre kjærleik og død - Trondheim folkebibliotek

21.-22. september: Journalistikkseminar på Ål. Samarbeid med Landslaget for lokalaviser og avisa Hallingdølen. Programmet

21. september:        Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Ål

OKTOBER

7. oktober:             Riksscenen i Oslo. Konserten "Tor Jonsson - 100 år i kjærleik og død" med Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og Tor Jonsson Orkester

19. oktober:           Valbergtårnet, Stavanger: "Kvite fuglar" - forestilling med Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen

22. oktober:           Konsert "Tor Jonsson. 100 år i kjærleik og død" med Aslak Brimi, Hilldgunn Hovde og Tor Jonsson Orkester. Nynorske litteraturdagar i Aurland

26. oktober:           Bekkestua bibliotek. Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson. Kåseri med Andreas Hompland, Ivar Frønes musikalsk tonefølgje. Arr. Bærum mållag

NOVEMBER

9. november:         "Du eig ikkje lykka einsleg". Tor Jonsson i ord og toner. Nansenskolen med Inge Eidsvåg og Mannskoret Klang, Den norske mannsoktett og Bjarne Øvrelid

11. november:       Posten Norge lanserer frimerke med Tor Jonsson

12. november:       "Tagal". Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo. Urframføring i Utgard i Lom med Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson.

Om jubileumsåret

Tor Jonsson vart fødd 14. mai 1916. Opningsarrangementet i jubileumsåret er lagt til laurdag 21. mai i heimkommunen Lom. Da vil Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga som gjesteartist, ha første framføring av konserten «Tor Jonsson - 100 år i kjærleik og død». Andreas Hompland held festtale og det blir innslag frå Lom ungdomsksule og Lom spelmannslag.

På dagen vil bli nyopning av Tor Jonssons-plass utanfor kommunehuset og vandring frå Bergom til Stusslegstugu med opplesing av Tor Jonsson-sitat. Sitat av diktaren har fått sin plass rundt omkring i bygdesenteret.

Helga etter vil Tor Jonsson ha ein sentral rolle på siste dagen av Litteraturfestivalen i Lillehammer. Teaterstykket «Berre kjærleik og død» av Ingar Sletten Kolloen vil ha nypremiere. I tillegg vil det bli diktlesing og andre innslag av og om Tor Jonsson.

Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå 2.-4. september har Tor Jonsson som diktardagsdiktar dette året. Litteraturseminaret vil ha «Bygda» som hovudtema, sjølvsagt inspirert av diktaren: «Flukta frå landsbygde», «Bygdedyret» og «Burte fann eg bygda att».

Tor Jonsson var òg journalist. Inspirert av dette arrangerer Tor Jonsson-laget journalistseminaret «Motstraumsjournalistikk» i samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) og Hallingdølen der han var redaktør. Seminaret er lagt til Ål 21.-22. september.

Det vil bli fleire arrangement rundt om i landet i løpet av året. Vi prøver å halde sida oppdatert og få med arrangementa vi har oversikt over her.