Tor Jonsson - 100 år i kjærleik og død. 

Ein konsert med tekstar av Tor Jonsson og musikk av Hildegunn Hovde og Aslak Brimi. 

 

Den 21.mai var konserten  Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død  opninga av Tor Jonsson-jubileet. Her har dei lokale musikarane Hildegunn Hovde og Aslak Brimi tonesett dikt av Jonsson.

“Tor Jonsson Orkester” er

  • Hildgunn Hovde (song)
  • Aslak Brimi (fele)
  • Trond ”Highasakite” Bersu (trommer)
  • Stein Magne Eggen (akkordeon)
  • Aksel Jensen (bass) 
  • Gudmund Bolstad Skjær (gitar).

Som gjestevokalist har dei med visefuggen Aasmund Nordstoga. I tillegg kjem Lom spelmannslag for å spele nykomponerte slåttar inspirert av Tor Jonssons univers. 

Konserten "Tor Jonsson - 100år i kjærleik og død" vert vist følgjande stader hausten 2016:

  • 26.august - Vinje  i Telemark - Litteraturdagane i Vinje - https://www.facebook.com/LitteraturdaganeIVinje/ 
  • 1.september - Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå - Nordgard Aukrust - Minikonsert i lag med Even Lusæter - "Tor Jonsson - i skjemt og alvor" 
  • 20.september - Ål i Hallingdal - Sundrehall
  • 7.oktober - Riksscenen i Oslo - i samband med Gudbrandsdalshelga på Riksscenen
  • 22.oktober - Nynorske litteraturdagar i Aurland - https://www.facebook.com/nynorsklitteratur/

Vel møtt på konsert!

 

 Einseto. Det å være åleine med seg sjølv. Ha ei stille stund. Diktaren Tor Jonsson (1916-1951) hadde mange stunder for og i seg sjølv. I djupet. I kjærleiken. Eller manko på slikt. Jonsson hadde eit liv med papir og blyant. Han tok dikta ut av ”einsemddjup”, og i dag står dei framleis støtt. Tekstene til Jonsson er tidlause, konsise og effektive. Dei set ord på tema som den dag i dag kan vere tabu og vondt å snakke om.

 

For livet det var ikkje alltid så raust

det gav ikje meir enn det skulde.

 

Må ein slite og streve for å lage kunst? Var det dei tronge dalene og bygdadyret som ga Jonsson inspirasjon? Det kan kanskje Hovde og Brimi si mer om. Dei er også fra “oppi dalom”, og Tor Jonsson-jubileet ga dei oppdraget med å lage nye tonesettinger til ordskatten til sambygdingen sin. Hildegunn er frilans sopran og komponist. Aslak spelar mest slåttemusikk frå Lom, men tek innimellom steget inn i viseuniverset. I lag har desse to operert med tonesettinger av dølske dikt tidlegare i prosjektene Rimrose og Diktarplager.

I 2016 er det 100 år siden lyrikeren Tor Jonsson vart født i Lom i Gudbrandsdalen. Han vokste opp i tronge kår, og var kritisk til samfunnet han var ein del av. Jonsson var en applaudert lyriker i samtida, og  diktene hans er like aktuelle og universelle den dag i dag. Han sette ord på kjærleiken, og han sette ord på det å kjenne seg utanfor, sosialt isolert og einsam. Som 35-åring tok Jonsson sitt egige liv.

 

Nærast er du når du er borte,

noko blir borte når du er nær.

Dette kallar eg kjærleik,

eg veit ikkje kva det er.

 

Musikken lanserast med albumet Einseto same helg som jubileumskonserten. Albumet er miksa og mastra av Håkon Aaltvedt, gjeve ut av Just for the Records, og distribuerast av Musikkoperatørene.

 

Singelen Byggje tårn er tilgjengeleg frå 22.april, og plata Einseto er tilgjengeleg frå 20.mai 2016. 

 

Festkonsert

Grafisk formgjeving: Marius Lübbe / Elin Hua / Aslak Brimi  Foto: Tony Westheim