Kvite fuglarBåde svart og kvitt er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos Tor Jonsson. Men tekstane hans kan også vera fargerike, med både kontrastar og nyansar.

Forestillinga Kvite fuglar er laga i høve jubileumsåret av Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. Her vekslar prosa, poesi og biografi med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. Premieren er i det gamle, ærverdige Valbergtårnet i Stavanger 19. oktober, men tanken er å framføre Kvite fuglar fleire stader på vestlandet gjennom vinter og vår.

Hallgjerd Byrkjeland er frilans skodespelar og sceneinstruktør med særleg interesse for nynorsk lyrikk. Ho har skapt fleire forestillingar bygd på tekstar av nynorskforfattarar, mellom anna Ivar Aasen (Aasen med bass), Ragnvald Vaage (Vaagestykke med felespelar) og Arne Garborg (Haugtussa - ei vandring i Veslemøy sitt rike). På midten av nittitalet laga ho Lengsla bygde katedralar med dikt av Tor Jonsson, formidla skiftevis i samarbeid med mannskor og songaren Torben Grue. Ho framførde også dikt av Tor Jonsson under opninga av Dei Nynorske Festspela i 1998. 

I 2015 laga ho i samarbeid med Mette Arnstad og Ivan Sarajishvili (orgel) ei scenisk framstilling av tekstar frå Jon Fosse si bok Mysteriet i trua. Denne har til no blitt framført i Stavanger domkyrkje (november 2015, januar 2016) og i Bodø domkyrkje under Bodø internasjonale orgelfestival, april 2016.

Katarina Svendsen er fast tilsett som cellist i Stavanger Symfoniorkester, men har tidlegare arbeidd frilans for fleire norske orkester. Ho har også hatt oppdrag for NRK TV og delteke på CD-innspelingar, m.a. Flûterie (2008) med musikk til dikt av Helge Torvund, i samarbeid med Elisabeth Barstad, fløyte, og Eddie Andresen, slagverk.