Heimen

"Stusslegstugu" i Lom var barndomsheimen til Tor Jonsson. Tor flytta hit da han var åtte år gamal. Det var ei stove familien hadde reist på plassen til morsslektningane hans like ved Andvord, vest for Lom sentrum, eit lite stykke oppover Solsidevegen. Her hadde dei ikkje ein gong så mykje jord at dei kunne setje ei bøtte poteter. Tor budde mesteparten av livet her saman med mora og ei ugift syster på eitt rom og kjøkken med sovealkove. Fyrst etter at mora døydde i 1950, flytta han til Oslo. Elles var han borte frå bygda og heimen berre i kortare i perioder. "Stusslegstugu" vart restaurert og opna for publikum etter avtale i 2000.

Foto: Hans Enok.