Tor Jonsson-laget
Tor Jonsson-laget vart skipa i slutten av april 2000. Kort tid etter vart Tor Jonsson-stova opna for publikum. Lom kommune hadde da fått stova restaurert etter at ho hadde forfalle i fleire år.
Laget er organisert som foreining. Styreleiar er Håvard Teigen. Dei andre styremedlemmane er Bjarne Tormodsgard, Bård Hanem, Magny Hilde, Hæge Nyrnes og Atle Brandsar. Vara: Andreas Hompland.
Føremålet med foreininga er å gjera livet, diktinga og heimbygda til Tor Jonsson betre kjend og tilgjengeleg og yte økonomiske bidrag til føremål og prosjekt som er knytt til livet, diktinga og heimbygda hans. Foreininga er sjølveigande og skal ikkje vera næringdrivande.
I 2016 står Tor Jonsson-laget for markeringa av 100 årsjubiléet til Tor Jonsson.
Innmelding Tor Jonsson-laget
Tor Jonsson-laget
ved Magny Hilde, Guritjønnbakken 11
2686 Lom
e-post: magny.hilde@hotmail.com
Oppgje namn, adresse, epostadresse og telefonnummer. Samstundes ber vi deg betale 150,- til bankkonto 2085.25.52558 i Lom og Skjåk sparebank. Medlemskapet vil gjelde frå det tidspunkt innbetaling av kontingent er registrert på vår bankkonto.
Eller benytt skjemaet under:
Venleg helsing Tor Jonsson-laget