tj2

Barndom
Tor Jonsson vart fødd 14. mai i 1916 på Prestkroken i Lom, ein husmannsplass under prestegarden. Foreldra var Johannes Johnsen (1869 – 1929) og Torø Thorsen (1878 – 1950). Prestkroken eller Kroken som plassen heiter i dag, er kjend for å vera den staden i Lom der kornet blir sådd fyrst om våren og blir fyrst moge om hausten. Trass den solrike plasseringa, voks Tor opp i fattige kår og barndommen hans var prega av den harde striden om Prestkroken. Faren bar i seg draumen om eiga jord, og i 1922 hamna han i ein lang og bitter strid om frikjøp av husmannsplassen. Faren tapte saka, og 7. juni 1924 måtte familien flytte frå Kroken. Dei flytta inn i Stusslegstugu, ei stuggu dei hadde reist på plassen til morsslektningane. Der hadde dei ikkje ein gong så mykje jord at dei kunne setje ei bøtte poteter. Å bli fattig var ikkje berre ei ulykke, det var grenselaus skam.
Striden om Prestkroken skapte splid i bygda, og både heimen og bygda vart ein kamparena for Tor. Han var åtte år da dei må flytte, og det vonde hadde kome inn i verda hans: «Midt i gladaste leiken hende det eg tok spranget inn i skogskuggen. Alt ikring meg var sol, blomar og blå himmel. Men sjølv var eg svart. [...] Grøtte eg dei andre borna, låg sorga i meg som ei svart glede og gjorde meg stor og sterk.» Faren døydde da Tor var 13 år, og etter det budde han mesteparten av livet saman med mora og ei ugift syster på eitt rom og kjøkken med sovealkove. Han kjende seg sterkt knytt til båe kvinnene i familien, særleg til mora, og fyrst etter at ho døydde i 1950, flytta han til Oslo.
Tor heldt seg mykje for seg sjølv. Han var liten og veik og hemma av dårleg syn. Han likte å gå lange turar i fjellet og vart av mange sett på som ein einstøing. Tor gjekk folkeskule og toårig framhaldsskule i Lom. Han var ein skuleflink elev, og når skuleklokka ringde inn skapte han seg om frå tapar til vinnar. Han las enormt mykje, hadde klisterhjerne og var flink både med pennen og med kjeften. På framhaldsskulen fekk han Randi Bojer, dottera til Johan Bojer, som lærarinne. Ho ville hjelpe den skuleflinke eleven til meir utdanning, og han fekk løfte om pengestøtte frå faren Johan, men Tor takka bestemt nei. Han ville ikkje leva på «rikmanns gunst».


Diktarliv
Hausten 1932, same haust som Tor gjekk ut av framhaldsskulen, debuterte han med forteljinga «Eit illmenne» i Arbeidermagasinet. Han var bygdekorrespondent for avisa Gudbrandsdølen, og etter nokre år i gartnarlære rundt om i distriktet gjekk han i 1939-40 på Oppland småbruks- og hagebruksskule på Lena. I denne perioden vart hans diktmanus refusert hjå tre forlag. Men i 1943 debuterte gardsarbeidaren med diktsamlinga Mogning i mørkret på Noregs boklag. Boka vart nesten ikkje omtala i pressa, men selde likevel over 1300 eksemplar.
I perioden 1945-1947 arbeidde han som journalist i Dølenes Blad, seinare Dølabladet på Otta og som redaktør i Hallingdølen eit halvt år i 1946. Men han budde stort sett heime i Lom og livnærte seg som diktar og frilansskribent. I 1946 ga han ut diktsamlinga Berg ved blått vatn som vart godt motteke av kritikarane. Samlinga Jarnnetter frå 1948 hausta òg store lovord. Rett før han døydde leverte han manus til Ei dagbok for mitt hjarte som vart gjeve ut hausten 1951 saman med 28 lause dikt.
Hausten 1950 hadde han stor suksess på andre område. Som dramatikar vann han Kyrkjedepatrementets pris for beste amatørskodespel med einaktaren Siste stikk, og han kom ut med artikkelsamlinga Nesler, artiklar og innlegg han hadde skrive som spaltist i bladet Bygdeungdommen eller hatt på trykk i Dagbladet og Arbeiderbladet. Han skreiv om kulturelle og sosiale tilhøve på landsbygda, men var også sterkt politisk engasjert i store spørsmål om nasjonalisme, religion og dødsstraff og kven som var dei eigentlege heltane etter krigen. Han kunne vera skarp, både ironisk og satirisk, i sine bitande åtak mot urett og undertrykking.

Kontrastane
Både dikta og livet til Tor Jonsson er fulle av kontrastar. I livet var han ofte prega av motstridande kjensler og meiningar. Han hadde eit ambivalent tilhøva til bygda der han av mange vart oppfatta som både sær og eigenrådig med ei sylkvass tunge. Han var kjend for sine treffande og til tider sårande replikkar. Opplevingane frå barndommen da han miste både heimen og faren, sette sitt preg på han, og han kjende seg framand i eiga bygd. Han innførde uttrykket «bygdedyret» om dei harde krava til konformitet og kustus som rådde i bygda. Han sette pris på eit anonymt tilvêre i byen, men forlet ikkje Lom for godt før siste leveåret. Dette kan skuldast den langvarige sjukdommen til mora som døydde i 1950, året før Tor.
I diktinga står han mellom tradisjon og modernitet. Liv, død, kjærleik, hat, bygd og by, draum og røyndom er tema i diktinga. Han skreiv med ei sjeldsynt kraft og eit stort nærvær, alt frå den vakraste kjærleikslyrikk til svart angst og sviande sjølvspott. Lengten etter kjærleik og liv og på same tid dødslengt og dødsangst går att i forfattarskapen.


Sjølvmordet
Vinteren 1951 budde Tor Jonsson på Ingjerstrand. I januar var han nokre dagar i hovudstaden, og natt til 10. januar skulle han dele hotellrom på Bondeheimen med venen Tarjei Vesaas. Om natta kom ikkje Tor attende til hotellrommet, og dagen etter reiste Tarjei ut til Ingjerstrand og fann han i koma der. Trass pengar og kunstnarleg suksess valde altså Tor Jonsson sjølvmordsdøden, og han somna inn på Ullevål sjukehus 14. januar 1951.
Dikt i samling vart fyrste gong utgjeve til Tor Jonssons 40-årsdag i 1956 med etterord av Tore Ørjasæter og minnedikt frå venen Jan-Magnus Bruheim, båe diktarar frå grannebygda Skjåk. For denne boka fekk Jonsson tildelt Kritikarprisen post mortem. I 1960 kom Prosa i samling, og i 1973 og 1975 Tekster i samling i to band.


Kjelder:
Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet, 1984
Kolloen, Ingar Sletten: Berre kjærleik og død, 1999
Norsk biografisk leksikon
http://www.allkunne.no/framside/biografiar/j/tor-jonsson/93/10752/
https://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Jonsson