Albumet EINSETO lanserast 20.mai. Nye tonesettinger av Jonsson sine dikt ved Hildegunn Hovde og Aslak Brimi

 Einseto. Det å vera aleine med seg sjølv. Ha ei stille stund. Diktaren Tor Jonsson (1916-1951) hadde mange stunder for og i seg sjølv. I djupet. I kjærleiken. Eller manko på slikt. Jonsson hadde eit liv med papir og blyant. Han tok dikta ut av ”einsemddjup”, og i dag står dei framleis støtt. Tekstene til Jonsson er tidlause, konsise og effektive. Dei set ord på tema som den dag i dag kan vere tabu og vondt å snakke om.

For livet det var ikkje alltid så raust

det gav ikje meir enn det skulde.

Må ein slite og streve for å lage kunst? Var det dei tronge dalene og bygdadyret som ga Jonsson inspirasjon? Det kan kanskje Hildegunn Hovde og Aslak Brimi si meir om. Dei er også fra “oppi dalom”, og Tor Jonsson-jubileet ga dei oppdraget med å lage nye tonesettinger til ordskatten fra sambygdingen sin.

Hildegunn Hovde er frilans sopran og komponist. Aslak Brimi spelar mest slåttemusikk frå Lom, men tek innimellom steget inn i viseuniverset. I lag har desse to operert med tonesettinger av dølske dikt tidlegare i prosjektene Rimrose og Diktarplager.

I 2016 er det 100 år sidan lyrikeren Tor Jonsson vart født i Lom i Gudbrandsdalen. Han vokste opp i trange kår, og var kritisk til samfunnet han var i. Jonsson var en applaudert lyrikar i samtiden, og diktene hans er like aktuelle og universelle den dag i dag. Han satte ord på kjærleiken, og han satte ord på det å kjenne seg utanfor, sosialt isolert og einsam. Som 35-åring tok Jonsson sitt eige liv.

Den 21.mai er konserten  Tor Jonsson – 100år i kjærleik og død  opninga av Tor Jonsson-jubileet. Same helg lanserast albumet Einseto.

I “Tor Jonsson Orkester” har Hovde (song) og Brimi (fele) med seg Trond ”Highasakite” Bersu (trommer), Stein Magne Eggen (akkordeon), Aksel Jensen (bass) og Gudmund Bolstad Skjær (gitar).

Som gjestevokalist har de med visefuggen Aasmund Nordstoga.

Albumet er miksa og mastra av Håkon Aaltvedt, gitt ut av Just for the Records, og distribuerast av Musikkoperatørene.

Singelen Byggje tårn finn du her: https://youtu.be/dh0dznss01c

Einseto Cover square

Albumet ligg ute for salg på Bakeriet i Lom, Fjellmuseet og Loarutsalget, samt Vågå bok og leker.