Tor Jonsson-laget

Tor Jonsson-laget vart skipa i slutten av april 2000. Kort tid etter vart Tor Jonsson-stova opna for publikum. Lom kommune hadde da fått stova restaurert etter at ho hadde forfalle i fleire år.

Laget er organisert som foreining. Styreleiar er Håvard Teigen. Dei andre styremedlemmane er Hans Sandviken, Bård Hanem, Torstein Bruøygard og Rita Mundal. Vara: Andreas Hompland.
Føremålet med foreininga er å gjera livet, diktinga og heimbygda til Tor Jonsson betre kjend og tilgjengeleg og yte økonomiske bidrag til føremål og prosjekt som er knytt til livet, diktinga og heimbygda hans. Foreininga er sjølveigande og skal ikkje vera næringdrivande.

I 2016 står Tor Jonsson-laget for markeringa av 100 årsjubiléet til Tor Jonsson. 


Innmelding Tor Jonsson-laget

Tor Jonsson-laget
ved Torstein Bruøygard
Kvernhusvegen 85
2618 Lillehammer
torsbruo@gmail.com

 

Oppgje namn, adresse, epostadresse og telefonnummer. Samstundes ber vi deg betale 150,- til bankkonto 2085.25.52558 i Lom og Skjåk sparebank. Medlemskapet vil gjelde frå det tidspunkt innbetaling av kontingent er registrert på vår bankkonto.

Innmelding

Tor Jonsson-laget vil gjerne ha flest mogleg støttemedlemar. Det gjev selskapet betre grunnlag, nettverk og utbreiing. Støttemedlemskap kostar kr. 150,- som er ein eingongssum. Støttemedlemmene får tilbod og informasjon om aktiviteten til Tor Jonsson-laget. Som støttemedlem vil du gje selskapet ein medlemstyngde og eit økonomisk grunnlag som vil hjelpe oss å realisere prosjekt i tråd med selskapets føremål. Dersom du ynsker å bli støttemedlem, ber vi deg sende namn, adresse, telefon og e-postadresse ved å fylle ut og sende skjemaet på denne sida enten som e-post eller god, gamaldags post.

Venleg helsing Tor Jonsson-laget