Andreas Hompland: Mitt Tor Jonssondikt.
«Ordet» er Tors første dikt, då det var mogning i mørkret. Eg er ikkje diktar, men eg har levd mitt arbeidsliv med å skriva og bruka ord, utan heilt å vita kva eg har gjort og kva som er gløymt – av meg sjøl og andre. Eg er fri med orda, men også ein fange av orda. Derfor blir eg ettertenksom av «Å dikte». (Tor skreiv det forresten som ein slags protest mot dei voldsomme vyane til sambygdingen Olav Aukrust om den overmenneskelige skalden som vismann og sjåar på veg mot himmelvarden).
Å DIKTE
Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.
Å leva er å vera
det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyre fuglar flyge inn
frå ukjend verd.