Nye arrangement i november

 

Etter å ha korona-avlyst fleire arrangement dette året, 70 år sidan Tor døydde, tek vi nå sikte på to arrangement i november og vonar det ikkje blir fleire avlysingar. Tid og stad for arrangementa:

  • Lom 12. november
  • Oslo 28. november

Dette skal vere festkveldar med den tonesette lyrikken til Tor Jonsson som hovudtema.

På båe arrangementa vil Henning Sommero vere gjennomgangartisten. Han har tonesett mange av dikta. Elles vil det vere forskjellige artistar med i Oslo og Lom. Felles for alle er at dei har falle for Tor, lyrikken og tekstane hans.

Set av datoane!

Vi kjem tilbake med fleire opplysningar når heile programmet er klart.