Tor Jonsson debuterte i 1943 med diktsamlinga Mogning i mørkret. Det fyrste diktet i fyrste samlinga er Ordet, eitt av dikta som skulle bli blant hans mest kjende.
ORDET
Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kynge
med klokker for daude?
Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når Ordet lyt tapa
for svolten og sverda?
Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.
Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er Ordet.
Mogning i mørkret, 1943.