21. mai gjekk jubileumsmarkeringa for Tor Jonsson av stabelen i heimbygda Lom. Folk møtte opp i hopetal til opninga av den nyrestaurerte Tor Jonssons plass og til vandringa «Ord i stein». Steinheller med sitat av Tor Jonsson er nå plassert rundt omkring på Bergom, noko som gjer diktaren langt meir synleg i bygdesenteret. Ved stuslegstugu fortalde Bård Hanem om barndom og oppvekst og livet til Tor og familien i stugua. På festkvelden i Utgard fekk publkum høyre elevar frå ungdomsskulen syngje Jonsson, Andreas Hompland heldt festtale og Tor Jonsson Orkester konserten «Berre kjærleik og død» med songar frå den nye plata «Einseto». Aslak Brimi og Hiildegunn Hovde har jobba med prosjektet eitt års tid og komponert 15 nye melodiar til tekster av Jonsson. Lom spelmannslag deltok også på festkvelden. Med stort driv og sikker bogeføring framførde dei bl.a. leiken «I Stuslegstugun». Omlag 70 personar var med oss på festmiddagen på Fossheim etterpå, der husmannskost stod på menyen. Arrangørane i Tor Jonsson-laget stråla om kapp etter den vellykka markeringa i heimbygda.
Her kan de lesa kva NRK Hedmark og Oppland og Fjuken skreiv om markeringa.
Hundre år – ein diktar for ungdommen. NRK Hedmark og Oppland.
Eit dæme av blått. Fjuken.
NRK Hedmark og Oppland køyrer også ein fin serie på radioen om Tor Jonsson. Her episoden om skulegangen til Tor Jonsson og om sjølvmordet. Leiar for Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, fortel om livet til Tor, og i det siste innslaget kan de høyre opptak av Halldis Moren Vesaas som fortel om dei siste dagane til Tor Jonsson og avskilen med Tarjei.
Foto: Even Lusæter, NRK Hedmark og Oppland