Kjærleik og død – Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo og Ruth Lillegraven

FB IMG 1461353717671Nasjonalbiblioteket måndag 2. mai kl. 19.00

Var eg ein Gud, / ville eg skapa / kjærleik og død, / berre kjærleik og død.

Med fast rytme, korte verselinjer og store tema skreiv – og levde – forfattaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951). Han tok sitt eige liv berre 34 år gamal, men arbeidet hans set framleis spor. Jonsson hadde ei klår kjensle av rettferd, og viste sterkt sjølvstende i meiningane sine om samfunnet.

Ingar Sletten Kolloen blei Bragepris-nominert for biografien om Jonsson, Berre kjærleik og død, og var redaktør for prosasamlinga Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller. Han møtar forfattarane Marit Eikemo og Ruth Lillegraven til samtale leia av Bjørn Ivar Fyksen, når Nasjonalbiblioteket markerer 100-årsjubileet til Tor Jonsson denne kvelden.