Tor Jonsson på frimerke

I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerketScreenshot 2016 11 11 17 58 54 1.

Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), «den norske parlamentarismens far», med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia var også ei kampsak for Sverdrup, som vart den fyrste formannen i det nystifta Venstre. Han engasjerte seg også i kampen for ålmenn røysterett for både kvinner og menn. Sverdrup var norsk statsminister frå 1884 til 1889. Tor Jonsson-laget synest det er stor stas at dei to frimerka blir lansert samstundes.

Frimerket med Tor Jonsson er verdsett til 20 kroner med portrett av forfattaren og verseliner frå diktet «Heimkjenning» i bakgrunnen. Sverre Morken står for design og gravyre. Ein kan bestille frimerket i nettbutikken til Posten.