«Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson»

TJ omslagI dag er det 101 år sidan Tor Jonsson vart fødd i Lom. Jubileumsåret i fjor synte at det fortsatt er stor interesse for diktaren, og at mange av tekstane hans lever i beste velgåande. Vi i Tor Jonsson-laget er svært glade for at jubiléet vart så vellykka som det vart, med ei mengd godt besøkte arrangement rundt om i landet, teateroppsetjingar, ny musikk til dikta, Tor Jonsson-magasin og bokutgjeving.

På dagen hans i dag er vi svært tilfredse med å kunne melde om ei ny bok om Tor Jonsson. Også denne utgjevinga kom til som eit resultat av 100-årsjubiléet. Boka som kom i fjor, Eit ord er eit under. Tekster i samling, er ei bok med tekster av Tor Jonsson. Boka som kjem i år Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson, er ei bok om forfattaren.

Tittelen på boka er henta frå diktet «Den ukjende», frå samlinga Ei dagbok for mitt hjarte, som vart utgjeve posthumt i 1951. I siste strofa i diktet seier diktar-eget: «Meg kan ingen grava ned. Det er ingen som har kjent meg».

Boka inneheld 18 artiklar om Tor Jonsson og ulike sider ved livet og forfattarskapen hans. Elleve av tekstane er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka. Dei tek til dømes for seg Tor Jonsson som samfunns- og bygderefsar og drøftar korleis omgrepet «bygdedyret» er blitt knytt til Tor Jonsson. Andre artiklar samanliknar Tor Jonsson med Alf Prøysen og dreg parallellar og peikar på skilnader mellom han og Aasmund Olavsson Vinje. Vidare handlar det om Tor Jonssons retoriske landskap, mor/barn-tematikk og andre sentrale emne i den lyriske diktinga.

Dei 7 siste bidraga er eldre tekstar der samtidige forfattarar, skribentar og forskarar skriv om livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Fleire av dei hadde eit personleg forhold til han.

Bidragsytarane er Inge Eidsvåg, Gard Espeland, Ottar Grepstad, Andreas Hompland, Aslaug Nyrnes, Svein Johs Ottesen, Jan Inge Sørbø, June Røys Hauge, Ove Røsbak, Arthur Arntzen, Paul Breiehagen, Jan-Magnus Bruheim, Inger Heiberg, Reidar Djupedal, Halldis Moren Vesaas, Tore Ørjasæter og Ottar Brox.

I år som i fjor er det Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Håvard Teigen, leiar i  Tor Jonsson-laget og professor ved Høgskolen i Innlandet, og Svein Johs Ottesen, omsetjar og tidlegare kulturjournalist og kritikar i Aftenposten, har redigert boka.

Boka går i trykken i desse dagar og blir lagt ut for sal seinast 25. mai. Ho kan bestillast på Oplandske Bokforlag eller kjøpast over disk på Lom folkebibliotek.

Vi avsluttar med diktet «Den ukjende» og håpar at rett så mange av dykk vil tinge boka og få ny kunnskap om og glede av Tor Jonsson og diktargjerninga hans.

Den ukjende

Eg er ein mann som ingen kjenner.
For den eg er, gjekk støtt ein ukjend veg.
Farvel, da alle gode venner,
som berre kjenner han som aldri likna meg.

Meg kan ingen rose eller laste,
for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær.
Så tei still venner, så eg slepp å høyre
ros og ris for det eg ikkje er.

Men ein gong kjem vel alle venner
og fører meg til grava. Og så godnatt, godnatt.
Men eg skal fylgje med når de går heim frå laget,
da skrymtar eg i skuggane, i grenda går eg att.

Meg kan ingen grava ned, det er ingen som har kjent meg.
Det bur ein annan i meg, han åtte aldri ord.
Han lever att i andre og vandrar i sin himmel
på denne barndomsfagre og bombesprengde jord.