KONG HUSMANNSGUT

 

 

Håvard Teigen: Mitt Tor Jonsson-dikt

 

Mitt Tor Jonsson-dikt på gebursdagen hans 14. mai er KONG HUSMANNSGUT. Grunnen er at dette diktet blir lese som starten på middag med kulturelle innslag etter at vi har hatt vandringa på det Tor kalla «Våre Frelsares Gravlund». Men sjølvsagt er det også personleg attkjenning, ikkje minst i siste vers.

Kong Husmannsgut

Eg er ein fattig husmannsgut
med bøter bak i broka.
Eg tente sidan eg slapp ut
frå skulen og frå boka.

I går da fekk eg løna mi,
og det var tjue kroner.
Til byen i mi kviletid
eg drog med ljose voner.

Her skin og braglar tusen ljos,
det dyn og syng i malmen.
Eg kjem frå gamle stygge fjos,
frå høyet og frå halmen.

Kvar gjente ho er raud og kvit,
og gutan’ er som prestar.
Men som ein stakkar kom eg hit
frå grisar og frå hestar.

Eg stoggar ved ein restaurang,
der ljosa brenn og blenkjer.
Eg høyrer horn og harpeklang
og veiknar brått og tenkjer:

Gud, før meg ei i freisting ut,
men fri meg frå det vonde!
Eg er ein fattig husmannsgut
som tener hjå ein bonde.

Men pytt, sa’n Pål! Eg pengar ha’,
og pengane dei eig eg.
Ein husmannsgut er sjeldan glad –
Og inn om døra steig eg.

Eg fyller glaset, drikk det ut.
Og vinen er som elden.
Til slutt ein fattig husmannsgut
vert konge ut på kvelden.