I høve Tor Jonsson-jubiléet blir teaterframsyninga Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen sett opp på Det Norske Teatret onsdag 24. og på Rudi gard torsdag 25. august.
I september blir det høve til å sjå stykket fredag 2. september under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå og fredag 16. september på Trondheim folkebibliotek.
Teaterstykket fortel om ei meir ukjend side ved livet til Tor Jonsson. I 1950 innleidde han eit forhold til journalisten Ruth Alvsen. Berre eit halvår seinare, 35 år gamal, tok han sitt eige liv.
I stykket forsøker Ruth Alvsen å finne svar på kvifor det gjekk som det gjorde. Ho leitar i papira han etterlet seg og i eigne minne.
Under det heile dirrar tre spørsmål: Skriv Tor Jonsson frå fyrste stund beretninga om eit varsla sjølvmord? Kvifor tok han livet sitt? Og kunne nokon ha hindra det?
Forestillinga hadde premiere på Trøndelag Teater i 2000, og har sidan vore spelt med suksess på fleire teater i resten av landet, sist på Norsk Litteraturfestival i år. Wenche Strømdahl er Ruth Alvsen, Hallbjørn Rønning er Forteljaren og Jarl Strømdahl er komponist og musikar. Regi: Nora Evensen.
På Det Norske Tetaret blir gjestespelet tatt i mot i samarbeid med Nynorsken hus, Bondeungdomslaget i Oslo og Tor Jonsson-laget.
Tittelen på stykket som også er tittelen på biografien om Tor Jonsson av Ingar Sletten Kolloen, er henta frå diktet «Fattig ynskje» frå diktsamlinga Ei dagbok for mitt hjarte som kom ut posthumt i 1951.
FATTIG YNSKJE
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.