BLADMANNSSORG

Bjarne Tormodsgard: Mitt Tor Jonsson-dikt.

Tor Jonsson var også ein humorist. I dette diktet held han ap med kristenfolket i Hallingdal som han hadde terga på seg frå redaktørstolen i Hallingdølen. Diktet seier det meste om redaktørrolla i ei lokalavis. Det har eg sjølv fått erfare i mine 18 år som redaktør i Hallingdølen. Difor kan det høve med eit lite «ondskapsfullt skjemtedikt».

 

Bladmannssorg

Til lags åt alle kan ingen gjera.
Det er leitt med det i eit lite blad
at ingen likar den same lesnad,
og kva skal bladmannen gjera da?

Sume les berre premielister,
andre les om trulova par.
Sume les om dei svarte «Skyer»
og andre gler seg på sinte svar.

Sume likar ikkje referata
om fråhaldsstrevet og meire slikt.
Mi siste von er at alle likar
eit lite ondskapsfullt skjemtedikt.