Eg trur eg vil utdane meg til turist

LomVi tek opp att tråden der vi sleppte han sist; heimbygda på Tor Jonsson si tid. Frå rundt 1850 hadde forfattarar, målarar og tonekunstnarar søkt seg til bygda for å hente inspirasjon. Anders Sandvig hadde samla kunstskattar frå Lom og dei andre bygdene i Gudbrandsdalen. Biletvev, treskurd, prydsaum, sylv- og smiarbeid vart landskjende gjennom muséet han skapte. De Sandvigske Samlinger på Maihaugen opna i 1904, og Garmo stavkirke frå Lom med røter attende til Olav den heilage si vitjing i 1021, var eit naturleg midtpunkt. Ole M. Sandvik samla og ga ut folketonar frå Lom (Folkemusikk fra Gudbrandsdalen, 1922). Tidlegare var nokre av dei kjende frå Edvard Griegs musikk etter at komponisten vart kjend med dei på sine lystige fjellvandringar i Jotunheimen rundt århundreskiftet. Lom stavkyrkje som er datert til 1158 og er ei av dei eldste i landet, vart opna igjen i 1933 etter å ha blitt restaurert og ført attende til si opprinnelege form. Olav Aukrust hadde gjort dialekta kjend gjennom diktsamlingane Himmelvarden (1916), Hamar i hellom (1926) og Solrenning (1930), og bygda sjølv med sine gamle hus, ville fjellformasjonar og mjuke liner, var for mange eit kunstverk i seg sjølv.

Men Lom var også ei fattig bygd. Det billege kornet frå Amerika som kom til landet på slutten av førre århundre, gjorde korndyrkinga lite lønsam. «I den vetle bygdi Lom, den beste kornbygd i dalen, var det selt 68 gardar over 3 mark skyld, var att berre 35», skriv bonden Hallvard Ofigsbø frå Lom i Tankar og livssyn (1926). Sjølv om dei fleste av desse skuldast utvandringa til Amerika som var veldig stor frå Lom rundt århundreskiftet, så må tvangsauksjonar ha vore ein trussel for dei fleste, store som små, i Tor Jonsson sin oppvekst.

Fattigdommen batt folk saman. «Bønder og småkårsfolk arbeidde saman og sat ved same bord», skriv han i Det gamle fjellbygdsamfunnet. Men det var sosiale skilje også i fattigdommen. Den sosiale posisjonen til bøndene i bygdesamfunnet bygde ikkje berre på dei økonomiske vilkåra. Det var og gjennom ættekjensla dei heldt stilling som overklasse i bygda. Slektsstoltheit og slektsskam var noko som opptok Tor: «To mennesketypar tykkjer eg synd i. Dei som alltid kyter av gjæve forfedrar, og dei som ikkje vil vedgå at dei er av husmannsætt», (Husmannsvegen).

Bilane, bussane og turistane med dei, gjorde sitt inntog i bygda. Ein bil som alltid gjorde både vaksne og ungar glåmsøygde, var køyredoninga til Jørgine Slettede Boomer, Bøverdalens eiga Oskepott, som kom frå ein liten husmannsplass øvst i Bøverdalen og kapra gullfugl-ektemannen i Amerika. Ho styrte på denne tida eitt av verdas flottaste hotell, Waldorf Astoria i New York, og gjesta kvar sommar heimbygda. Sjåføren gjennom fleire sesongar var om mogleg ein enda større sensasjon enn Jørgine sjølv, ein ekte neger av kolsvartaste sort.

I juni, juli og august var det som nå, eit voldsomt liv og ståk på Fossbergom. Det var fullt på kaféane, på overnattingsstadane, på rutebilstasjonen, på butikkane, på posthuset, på banken og ved bensinpumpa. Når Tor som dei andre glante på turistane på rutebilstasjonen, oppdaga han at dei framande oppførte seg på ein heilt annan måte enn bygdefolket. Han hadde tidleg eit ambivalent forhold til dei. Han kalla dei glanarar og synest dei oppførte seg ganske tåpeleg. Det ergra han at dei berre såg framsida av bygda. Men han var også fascinert av turistane. Dei førde med seg noko nytt og annleis, og han trudde at turismen kunne få innestengd fjellbygd-luft til å sirkulere litt:

«Det var ein kveld midt på varmaste turistsumaren. Bussane frå stasjonen stogga litt i den vesle bygdebyen før dei køyrde vidare til fjells. Kaféane vart brått fylte med turistar, elles var det berre bygdefolk som brukte gå der og spandere kaffi på kvarandre. Sjåførane streva med digre ryggsekkar og var så tenesteviljuge at dei ofte gløymde morsmålet sitt.

Turistane rusla ikring og glytte opp mot fjella. Ein såg straks at det var noko ved dei som ikkje høyrde bygda til, noko underleg fritt over framferda deira. Slik kunne ein bygdemann fare fram berre når han var full.

På ramper og kasser sat bygdefolk, togg tobakk og stirde på stasen. Slik var det kvar kveld når bilane kom, eit kvarters liv i den stille bygdebyen og så same stilla att. Når ein var ferdig med arbeidet for dagen, så var det å rusle avstad og ‘sjå på turistane’ og hente bladet. Det var liksom toppen av tilværet varmaste sumaren.

Dei mest velvyrde av bygdefolket vakta vyrdnaden med å teie. Togg tobakk med vise bukkeminer. Men i slike stunder er det grotid for bygdeskjemt. Det hagla med grovkorna pubertetprat, grå galgenhumor og skjemt om sår. Turistane vart mælte med bygdeaugo og dømde med bygdeord. Brått fekk eg høyre ein replikk frå ein med grove åkerbrytarhender: – Eg trur eg vil utdane meg til turist.» (Heimbygdturist).

Kjelder:

Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson, Vestanbok forlag, 1984.

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, Det Norske Samlaget, 1999.

Tor Jonsson sine eigne artiklar.