Engelen med eldsverdet

barndomsheimentiltorjonsson

Her avslører Tor Jonsson meir om «denne skuggen, som krøkjer armane kring henne, held henne fast – så ho aldri, aldri kan koma meg i møte». Dette er fortsetjing av forteljinga frå barndommen som vi la ut 13. februar. 

I kleven budde Gamle-Lars. Der hadde han levt heile livet. Men likevel kunne han fortelja om alt mellom himmel og jord, om store hav og framande land, om båtar og byar og mangt som vi borna ikkje skjøna.

Når kyrkjeklokkene ringde, fortalde han om Gud. Når vi grein over tørt brød, fortalde han om gjenta som tråkka på brødet og sokk nedi ei myr. Han innprenta oss det livet dreiv og lærde oss i harde tak: Å setja pris på Guds gåver og vera nøgde med lite. Ofte sukka han om «vi fattigfolk», men audmjukt bar han alle trengsler.

Sukkinga hans Gamle-Lars brydde vi oss lite om. Det han fortalde om Gud og fattigdom var berre eventyr. Men første skuledagen kom engelen med eldsverdet og jaga alle fattigborna ut or Paradis. Fattigfolk møter ofte vondskap der vondskap ikkje finst, og kring heimen til fattigfolk bur det alltid vonde menneske.

I skulen hadde vondskapen teke bustad i borna frå gardom. Dei hadde betre klede og betre skulemat enn vi frå hyttene, og det var inga trøyst i at Jesus var fødd i ein stall. Eg beiskna til og fann ikkje att gleda i det små. Eg høyrde ikkje fuglesongen meir.

Kvar gong eg kom heim frå skulen, såg eg at heimen min var stygg, stygg som  morkahytta hans Sylthugu-Sylfest.

Engelen med eldsverdet fylgde med alle stader. Han fylgde meg framover kyrkjegolvet konfirmasjonsdagen og ropa ut kven eg var –

– – –

Eg skal skrive eit brev i denne kveld. Eg vil ikkje sjå ho meir. Ho har vraka meg – for ingen.

Eg elskar ikkje sorga i augo hennar lenger. Attanfor sorga er det berre denne svarte skuggen, som krøkjer armane kring henne, held henne fast – så ho aldri, aldri skal koma meg i møte –

Munken – Å, om han var eit levande menneske, så eg kunne drepe han! Men eg trur ikkje på henne. Det er ingen munk!

Skuggen som held henne fast er skuggen av min eigen fattigdom. Mitt grenselaust fattige liv –

Båregangen aukar på fjorden. Stranda sukkar i skyminga. Lauv driv i land.

Kjelde: Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, Prosa i utval ved i Ingar Sletten Kolloen, 2000.