Fattig ynskje

Eg vel meg dette diktet fordi eg deler Tor Jonssons fattige ynskje. Var eg ein gud, ville eg òg skapa ei stillare verd der alle skulle elske. Kva meir kan ein drøyme  om enn ei verd der kjærleik og forståing mellom menneska rår? Ein kjærleik som rommar omsyn og omsorg for alt levande.

Det er eit kort dikt, nokre få ord og liner som rommar det meste som er av verdi. Det festar seg, er eitt av desse dikta som har hogge seg inn i hugen og som eg og mange med meg ber med seg og kjem attende til. Eg har sjølv brukt det ved fleire høve, som til dømes etter 22. juli 2011.

Lom 15-04-21
Rita Mundal

Fattig ynskje

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.