Tor Jonsson er ein diktar som 50 år etter at han døydde framleis grip tak i den som les eller lyttar til tekstene hans. Han levde, for å seie det mildt, ikkje noko lykkeleg og storslage liv i stuslegstova i Lom. Men «å dikte» skreiv han, «er å vera det vesle som ein vart – og sleppe kvite fuglar ut i nattesvart».
Tor Jonsson-selskapet har sett seg det målet at dei kvite fuglane skal bli oppdaga av endå fleire, og at kjennskapet til diktinga,. livet og heimbygda til Tor Jonsson skal bli spreidd vidare. Vi som står bak dette nyskipa selskapet deler gjerne oppfatninga til Tor Jonsson – i det første diktet i den første diktsamlinga hans, «Mogning i mørkret».
Eit orde er eit under
Dei gløymest dei gjæve
Og alt det dei gjorde.
Men livet er æve,
Og evig er ordet.
Tor Jonsson vart fødd på husmannsplassen Kroken i Lom. Han fekk tidleg merke det han kjende som stygg urettferd og sosiale skiljeliner. Mykje av diktinga hans er prega av dette, men ofte med ein snert av humor. Tor Jonsson er kjend for enkel, ordsterk lyrikk, men dikta hans gjev og til kjenne sterke konfliktar og kjensle av einsemd. Ein finn og ein kamp mot kjensleladde nasjonalromantiske frasar i diktinga hans. Tor Jonsson dreiv gardsarbeid og hagearbeid før han i 1945 vart journalist i Dølenes Blad, seinare Dølabladet på Otta. I 1946 var han redaktør for Hallingdølen 1/2 år.