Heimbygd, heimbygd med di harde andletsbragd av stein

377900 10150366813551743 2046319962 n

«Kanskje det er turr luft og høg himmel som har gjort dei har dikta so godt i Nord-Gudbrandsdalen», undrar Olav H. Hauge i brev til Bodil Strømsted i 1971. Var det noko i det karrige jordsmonnet, var det trongdalslendet som dyrka fram skrivekunstnarar av rang som Olav Aukrust, Tore Ørjasæter, Tor Jonsson, Jan-Magnus Bruheim og Ragnvald Skrede. Korleis var tilhøva i Lom og bygdene i Ottadalen på Tor Jonsson si tid?  

Tor Jonsson vart fødd på husmannsplassen Kroken, ein husmannsplass under prestegarden i Lom, i 1916. Kroken ligg lunt og varmt og trygt plassert innunder Lomseggen, og er den plassen i bygda der kornet blir sådd fyrst om våren og blir fyrst moge om hausten. Frå Kroken er det fritt utsyn til bygda Olav den heilage såg da han kom over fjellet frå Lesja og «kom ned der som det heter Stavabrekka, den Å renner gjennom dalen som heter Otta, og der er på begge sider av dalen en fager bygd som heter Loar», som det står i Snorre Sturlasons kongesoger. Namnet Loar, dativ Loom, tyder grassletter.

Frå Kroken ser ein også inn i Bøverdalen, der han skjer seg inn mellom tronge fjellsider. «Heile dal’n er som ei djup revo (revne) i fjellet», skriv bygdehistorikar Ivar Kleiven. «Mitt eige Trongdalslende», kallar Tor Jonsson dalen. Nedanfor Kroken, i bygdesenteret Fossbergom, eller Bergom som lomverane seier, møtest Bøverdalen og Ottadalen. Her går Prestfossen skummande kvit før Bøvre forsvinn ut i eit mektig delta og renn ut i Ottaelva. Prestfossen er eit ynda fotoobjekt, og midt i fossen er det ein stor stein som tente som støtte for brukaret under den gamle trebrua. Tor Jonsson skriv om steinen i eitt av sine prosastykke, Gråstein: Eg vil skrive om gråstein. For mitt eige gråsteinslynne er forma av ei gråsteinsbygd. Og den hogne gråsteinen  i eit brukar er det som har inspirert meg til å skrive om deg, du gråe, harde, kalde stein.

Både i den opne Ottadalen og i Bøverdalen låg større og mindre gardar, småbruk, husmannsplassar og «stugu», hus utan jordveg til, om kvarandre, på «solsida» og på «baksida». Sola kan vera borte opptil fem månader i året nokre stader, dei fleste stader tre. Når Tor Jonsson skriv Til Grågrenda så kan nok dette oppfattast både symbolsk og konkret. Dei flest hus var grå og solbrune. Slik har vær og vind vore med på å forme byggeskikken i dalen, og i Lom sentrum blir alle hus halde i brun- eller gråtonar den dag i dag.

Lom og Skjåk høyrer til dei mest nedbørfattige områda i landet, og den gjennomsnittlege nedbøren er ikkje større enn i Sahara, omlag 300 mm. Gje Vårherre oss sol, skal vi sjølve skaffe væte, seier folk i Ottadalen, og kampen om vatnet har ført til mange bitre stridar opp gjennom tidene. Det er vatnet frå fjella som har gjort korndyrking mogleg med forseggjorde vassvegar og sinnrike vatningssystem som jordbrukarane har laga. Men ikkje berre tørken, også tidleg frost pregar heimebygda til Tor Jonsson. Årvisse minne har nedfelt seg i ein dikttittel som Frostkorngrenda og i tittelen på samlinga Jarnnetter, dei siste nettene i augsut da kornet var mest utsett for å fryse.

Det motsetningsfylte naturgrunnlaget dannar både ramme og klangbotn for diktinga til Tor Jonsson. Liv bryt fram, veks og mognast under eit ustanseleg trugsmål om tilinkjesgjering. Sommaren kan vera ei hildring, og han kan bli borte som haustbleik vår og vårrvill haust (avsnittstittel i Tor Jonsson si fyrste, refuserte diktsamling Baksibragd). Vinteren kan vera nådelaus med djup tele som trugar alt liv. Men så stig blåbjøllbakken opp att mot det gråsteinsgråe, det elvegrøne mot berget, og i bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. 

I denne motsetningsfylte naturen møtte Tor Jonsson livet sine utfordringar. Denne naturen sine vilkår, vart hans vilkår. Han levde i denne bygda der motsetningane mellom det opne, fruktbare og det innestengde, steinharde pregar ikkje berre naturgrunnlaget, men også samfunnet. Ei innestengd vinterbygd der bilvegen frå Otta ende i fjellveggen, og ei gjennomfartsbygd om sommaren. Ferdselsvegen, ikkje berre frå aust til vest, men frå nord til sør, må ha gått her for fleire enn Olav den heilage. På eit kart frå 1626 (Andreas Buræus: Orbis arctori nova et accurata delineatio) står «Loom» avmerka som einaste namngjevne stad mellom «Doffre» og «Gussdal».

Den rike bygdekunsta i Lom kan, som Tor Jonsson skriv sjølv, ha fått sin inspirasjon nettopp frå denne gjennomgangstrafikken. «Det var nett da bygdene vart opna og nye tankar strøymde inn at bygdekunstnaren vann ut over bygdegrensene og til og med ut over landegrenesene.» (Dansen kring krotakalven). Dette bygdesamfunnet vart med alle sine motsetningar, ein smeltedigel for ei rik bygdekunst. I Tor Jonsson si oppvekst vart Lom eit sentrum for uvanleg interesse. Hit søkte tonekunstnarar, målarar, ordkunstnarar for å hente inspirasjon og lærdom frå bygda sin natur og kunstskattar. Den nasjonalromantiske draumen om «Det skjulte Norge», som den danske forfattaren Jørgen Bukdal skreiv bok om i 1926 og gjorde til eit slagord, henta ingen stader så rik næring som akkurat i Lom.

Meir om bygda og samtida til Tor Jonsson følgjer i kommande innlegg på sida.

Kjelde: Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet, 1984.