Kyrkja bar eg opp i ein vakker bjørkelund, for der budde Gud.
«Diktet» (Tekster I)
Tor Jonsson syner eit kontrastfylt tilhøve til kyrkja alt frå dei fyrste tekstene han skreiv. Midt i blant gardom stod kyrkja som ein gravstein, skriv han i novella «Guten som gjekk dit nordavinden slutta å blåse» frå 1936. I «Eit illmenne» frå 1932 er kyrkja presenteret på ein langt vennlegare måte: Men i kyrkja hadde alle augo skine av godleik. Han mintest fyrste gongen han var i kyrkja. da gjekk det som ein varm straum gjennom han. Jamvel Jon og Mari såg gode ut. Alle var så gode. Salmesongen brusa, orgeltonane song inn i han. Alt ljosna. Det vonde kvarv som skugge for soli. men straks han var utatt komen kom vonbrotet.
Dei kontrastfylt opplevingane han hadde knytt til kyrkja, kom sterkare og sterkare til å prege tekstene hans. Konflikten mellom det gode, «nestekjærleikens evangelium», som vart preika inne i kyrkja, og det verkelege livet utanfor, sleit i han. Kyrkja blir på godt og vondt sentrum i bygdebiletet hans. I 1946 melde han seg ut av statskyrkja, men kristendommen og kyrkja fortsette å oppta han.
Lengsla bygde katedralar
bøner brenn og togna talar
om eit gotisk liv i lengsle
bakom tiders liv i trengsle.
Altarljosa skin der inne.
Kjærleikslengt i mann og kvinne
byggjer enno på det brende
i sitt eige Trongdalslende.
Lengsla bygde katedralar.
Kom og stig inn! Æva talar
ord frå ætter som har tagna.
Ordet lyser i vår lagnad.
Som redaktør i avisa Hallingdølen, kom han heilt på kant med kyrkja, spesielt med pietistane i bedehusmiljøet. Artiklane «Skyer på guds himmel» og «Lyset» hausta storm og vart teke opp frå preikestolen første juledag. I «Skyer på guds himmel» skildra han kor deprimerande det var å kome ned frå fjellet etter ein god sumar: Eg protesterer! Ikkje mot kulden og vinteren, men mot min eigen lagnad som fører meg ned i bygda att, ned i det store bedehuset til meir kulde, hjartekulde. Eg kjem frå fjellet der livet er nake og reint utan grått pietiststøv.
Om tilhøve til kyrkja var ambivalent, var Jesus ein stor helt for Tor. I artikkelen «Kristendom og humanisme» skriv han: Grunnlaget for den humanistiske ide vart lagt av Sokrates. Han var den første som såg mennesket som det sentrale. Men det var tømmermannsonen Jesus som gav ideen levande innhald. Det var han som forkynte respekten for den einskilde, menneskeverdet. Kristendomen, d.v.s. kyrkja, har vunne fram til si stilling i dag berre ved å fornekte kjernen i kristendomen, alliere seg med dei verdslege herrane og tene dei.
I den gamle stavkyrkja i Lom med tømmer datert attende til 1158, vart Tor Jonsson døypt, konfirmert og gravlagd. Vi avsluttar her med salmene frå gravferda hans som ei hyggeleg dame hadde gøymt på og kom og leverte til oss på jubileumsmarkeringa 21. mai i år.