Jubileumsåret |
OVERSYN JUBILEUMSÅRET 2016
APRIL
26. april: «Tor Jonsson i ord og tonar». Konsert med Camilla Granlien på Nord-Fron bibliotek
MAI
2. mai 19.00: «Kjærleik og død». Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo, Ruth Lillegraven på Nasjonalbiblioteket.
4. mai: Ingar Sletten Kolloen held foredrag om Tor Jonsson for Diktets venner i Skien
11. mai: Tor Jonsson på biblioteket i Harstad. Lars Bremnes syng Tor Jonsson-tekster.
13. mai: «Tor Jonsson i ord og toner». Camilla Granlien og Annar Bye på Skedsmo bibliotek
14. mai: Tor Jonsson-magasin blir distribuert i 20.000 eksemplar. Magasinet har blitt til i samarbeid med avisa Hallingdølen.
20. mai: «Einseto» i sal. Ny plate med dikt av Tor Jonsson med Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og musikarar.
21. mai: Opning av Tor Jonsson-året i Lom
– Nyopning av Tor Jonssons plass. Vandring: Ord i stein
– Festmiddag på Fossheim
28. mai: Litteraturfestivalen på Lillehammer
– Teaterstykket Berre kjærleik og død
MAI
5. juni: Maridalen kirke: Kulturkveld med Tor Jonsson. Kåseri og konsert med Tor Jonsson Orkester; Hildegunn Hovde, Aslak Brimi med musikarar.
JULI
29. juli: Håvard Teigen held Tor Jonsson-foredrag på Olsok i Lom
AUGUST
22.-27. august: Tor Jonsson på Det Norske Teatret:
24. august: Berre kjærleik og død – Teatersalen Rosenkrantzgate 8
24. august: Prosa i utval. Tor Jonsson – Aleine med seg sjølv – Scene 3
25. august: Lyrikk i utval. Tor jonsson – Aleine med seg sjølv – Scene 3
25. august: Berre kjærleik og død – Rui gard
26. august: Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Litteraturdagane i Vinje
SEPTEMBER
1. september: Tor Jonsson i skjemt og alvor med Hildegunn Hovde, Aslak O. Brimi, Stein Magne Eggen og Even Lusæter. Nordgard Aukrust
2.-4. september: Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå. Tor Jonsson er diktardagardiktar.
3. september: Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Gjendesheim
14. septemeber: Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson. Kåseri med Andreas Hompland, for BUL i Teatersalen
16. september: Berre kjærleik og død – Trondheim folkebibliotek
21.-22. september: Journalistikkseminar på Ål. Samarbeid med Landslaget for lokalaviser og avisa Hallingdølen. Programmet
21. september: Hundre år med kjærleik og død. Konsert med Tor Jonsson Orkester. Ål
OKTOBER
7. oktober: Riksscenen i Oslo. Konserten «Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død» med Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og Tor Jonsson Orkester
19. oktober: Valbergtårnet, Stavanger: «Kvite fuglar» – forestilling med Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen
22. oktober: Konsert «Tor Jonsson. 100 år i kjærleik og død» med Aslak Brimi, Hilldgunn Hovde og Tor Jonsson Orkester. Nynorske litteraturdagar i Aurland
26. oktober: Bekkestua bibliotek. Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson. Kåseri med Andreas Hompland, Ivar Frønes musikalsk tonefølgje. Arr. Bærum mållag
NOVEMBER
9. november: «Du eig ikkje lykka einsleg». Tor Jonsson i ord og toner. Nansenskolen med Inge Eidsvåg og Mannskoret Klang, Den norske mannsoktett og Bjarne Øvrelid
11. november: Posten Norge lanserer frimerke med Tor Jonsson
12. november: «Tagal». Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo. Urframføring i Utgard i Lom med Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson.
Om jubileumsåret
Tor Jonsson vart fødd 14. mai 1916. Opningsarrangementet i jubileumsåret er lagt til laurdag 21. mai i heimkommunen Lom. Da vil Aslak Brimi, Hildegunn Hovde og Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga som gjesteartist, ha første framføring av konserten «Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død». Andreas Hompland held festtale og det blir innslag frå Lom ungdomsksule og Lom spelmannslag.
På dagen vil bli nyopning av Tor Jonssons-plass utanfor kommunehuset og vandring frå Bergom til Stusslegstugu med opplesing av Tor Jonsson-sitat. Sitat av diktaren har fått sin plass rundt omkring i bygdesenteret.
Helga etter vil Tor Jonsson ha ein sentral rolle på siste dagen av Litteraturfestivalen i Lillehammer. Teaterstykket «Berre kjærleik og død» av Ingar Sletten Kolloen vil ha nypremiere. I tillegg vil det bli diktlesing og andre innslag av og om Tor Jonsson.
Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå 2.-4. september har Tor Jonsson som diktardagsdiktar dette året. Litteraturseminaret vil ha «Bygda» som hovudtema, sjølvsagt inspirert av diktaren: «Flukta frå landsbygde», «Bygdedyret» og «Burte fann eg bygda att».
Tor Jonsson var òg journalist. Inspirert av dette arrangerer Tor Jonsson-laget journalistseminaret «Motstraumsjournalistikk» i samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) og Hallingdølen der han var redaktør. Seminaret er lagt til Ål 21.-22. september.
Det vil bli fleire arrangement rundt om i landet i løpet av året. Vi prøver å halde sida oppdatert og få med arrangementa vi har oversikt over her.