Lik ein fugl med broten veng

Tor JMåleri av Knut LjøsneOslo, 9. – 14. januar 1951

Seint på ettermiddagen første måndagen i andre veka på nyåret 1951, låg to diktarar i kvar si seng på eit rom på Bondeheimen i Oslo.

Den eldste av dei to tenkte på korleis han skulle leggje fram ærendet sitt. Kona hans, som kjende romkameraten langt betre enn han, hadde instruert han om å vere ekstra forsiktig og ikkje by den andre den minste snev av velgjerning. Den eldste  hadde skrive mange romanar og enda fleire dikt og noveller, men han streva med å formulere inni seg ein invitasjon til den andre om å bli med heim til han, kona og ungane i Telemark. Det vart til at han ikkje sa noko om dette. Han bestemte seg for å vente, til dei skulle treffast att utpå natta eller neste morgon.

Diktaren i den andre senga var heilt sikker på at den eldre kollegaen hadde høyrt om sjølvmordsrykta. Han las nokre dikt. Høgt. Og kaldprata. Snart gjekk dei båe ned i resepsjonen.

Tarjei Vesaas gjekk mot Det Norske Teatret. Tor Jonsson sette kursen mot Arbiens gate. Der møtte han ei kvinne. Deretter drog han attende til hotellet, skreiv ein kort beskjed til Tarjei Vesaas, bestilte ei drosje og bad om å bli køyrd til Ingierstrand.

Ved halv eitt-tida kjem Vesaas attende til hotellrommet. Den andre senga er tom. Det reagerer han ikkje på, han veit kor dryge kveldane kan bli for diktarar som hamnar i godt selskap. Men så får han auge på ein lapp på senga: «Eg måtte reise. Hels Halldis og Olav og Guri. Farvel.»

Vesaas reknar med at romkameraten dukkar opp i løpet av natta, viss ikkje søv han kanskje over hos Ruth Alvsen. Dagen etter er Vesaas oppteken mest heile dagen med å prate med folk som vil lage film av Dei svarte hestane. Men av fleire på byen får han stadfesta at Tor Jonsson har vore i elendig form den siste tida, til dels sterkt nedfor.

Neste morgon, torsdag 11. januar, ringjer han heim og gir beskjed til Halldis om at han blir ein dag lenger i byen. Deretter dreg han ut til Ingierstrand for å be Tor heim til seg og forsikre seg om at han har det bra.

Ute på Ingierstrand er det målaren Arne Stømne som opnar døra. Han gir beskjed om at diktaren er på rommet sitt. Stømne fortel at han søv. Vesaas bankar på, etterkvart hardt og lenge. Ingen svarar. Døra er låst, men dei kan høyre snorkelydar. Til slutt sprengjer dei døra og bryt seg inn i rommet. Ingen er i tvil om kva som har hendt. Tor Jonsson ligg i koma på senga. Dei får tak i sjukebil som reiser direkte til Ullevål sykehus med Tor Jonsson.

Neste dag dreg Tarjei på ny ut til Ingierstrand. Han er saman med to av Tor Jonsson sine aller næraste vener, Kjetil Ljøstad og Jan-Magnus Bruheim, som heiv seg på første tog til hovudstaden etter at han fekk den forferdelege telefonbeskjeden frå Tarjei Vesaas. Inne på rommet ser det ut som om Tor Jonsson nesten var ferdig med å rydde og pakke. Fleire koffertar og vesker står klare. Ei pakke, merkt «Til forlaget», ligg på eit bord. På arbeidsbordet ligg fleire brev, eitt til Ljøstad. Her gjev han instruksjonar til forleggjaren sin: «På første bladet ville eg gjerne det skulle stå Til Ruth, men det måtte du i tilfelle spørja Signe Tharaldsen, Arbiensgt. 3 IV etter.* Dessutan ville eg gjerne at Ruth skulle lesa gjennom manuskriptet først, om ho vil.» Framfor senga ligg eit ark. Det er diktet Eg åtte ikkje kjærleik

Eg åtte ikkje kjærleik
men tala pent med englemunn
og alle mine tome ord
gjer stygg mi levestund.

Eg såg det vonde koma
og visste kva det galdt
men åtte ikkje kjærleik
og difor sveik eg alt.

Eg brann for alle arme
og stod i broderring,
men åtte ikkje kjærleik
og difor er eg ingen ting.

Eg åtte ikkje kjærleik
og difor er eg jord.
Men kanskje finst eit rike
der einast kjærleik gror.

Gjev meg svolt og svide,
gjev meg einsemd på ei øy.
Den som elskar han skal sigre
over døden med å døy.

Døden går i verda
skapar dagen om til natt.
Der skal døden overvinnast
kjærleik einast leva att.

Gjev meg gull og grøde
gjev meg meire enn eg treng.
Ein gong skal eg døy i einsemd,
lik ein fugl med broten veng.

På sjukerommet vakar Jan-Magnus Bruheim over venen. Tor Jonsson lever torsdag. Han lever fredag. Han lever laurdag. Etter litt over seksti timar på det store sjukehuset i hovudstaden, klokka fem over fem søndag 14. januar 1951, idet ein kald vinterdag var i ferd med å bli fødd, passerte nattdiktaren Tor Jonsson grensa.

* Signe Tharaldsen var hybelvertinna til Ruth Alvsen og ei av dei aller siste Tor Jonsson var i kontakt med.

Kjelde: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen. Bilete: Måleri av Knut Ljøsne