Den nye boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling kom til i samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Det Norske Samlaget i høve at det i år er 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Her er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er dikt som har vore trykte i aviser, blad og bøker og dikt som ikkje har vore publiserte. Dei fleste nye dikt som er tekne med i denne boka, er henta frå dei tre hefta som kulturjournalist Torodd Kvaale (1927-1995) fekk i stand. Han samla i hop dikt, kladdar og manuskriptsider som låg att etter Tor Jonsson. I 1965 fekk han trykt tre hefte i avgrensa opplag, «Baksibragd», «Ord i einsemd» og «Mot ytste grensa». Desse hefta er tekne vare på og finst i samlinga til Lom folkebibliotek.
Med den nye, utvida utgåva ynskjer vi å syne ei større breidde hjå lyrikaren Tor Jonsson. Nokre av dikta er frå tida hans som bladmann. Dette er skjemtevers og skråblikk på aktuelle hendingar. Dikta «Proletarvise», «Sveinkallspringar» og «Dansar-Jan» er folkelivsskildringar som kan minne om dei ein finn hjå Olav Aukrust. Her blir kvardagsliv, fest, fyll og spetakkel skildra i eit munnleg språk krydra med bannskap og saftige gloser. Mor er med i fleire av dikta hans. Diktet «Trollheim» er ei av få tekter der han skriv om far. Tor Jonsson debuterte som lyrikar under andre verdskrigen. Han var pasifist og skreiv sjeldan om krigen, men «Død soldat», «Framtid» og «Ljos i mørkret» er blant dei nye tekstene der krigen blir tematisert. Sinne og forakt overfor det tradisjonsbundne, ættedyrkande og klassedelte bygdesamfunnet går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Dette kjem òg til syne i fleire av dei nye dikta. Det same gjer einsemd og utanforskap, kjærleikslengt og sjølvhat. Denne tematikken tiltek i styrke mot slutten av livet. «Eg åtte ikkje kjærleik» og fleire av dei siste dikta han skreiv har kome med i den nye samlinga. Her eit utdrag frå det siste diktet i boka, «Grenseland»:
Mi lengsle etter freden vart ein urobrann.
Først skar eg seljefløyte, sidan vandringsstav
og villa om i dette grenseland
i mellom fosterfred og fred i grav.
Teksten over er utdrag frå forordet i boka som er skrive av Rita Mundal for Tor Jonsson-laget. Forordet kan lesast i sin heilskap på Samlagsbloggen:
https://samlaget.no/blogs/aktuelt/tor-jonsson?fbclid=IwAR07TRonaH1Pq83AMb7RCBYOUrvX203WpE4IZqBU2J-GjODN2PPwGyb-CVU