Opningsarrangement Tor Jonsson-året 21. mai

Laurdag 21. mai inviteter vi til jubileumsmarkering av Tor Jonsson i Lom. Til markeringa vil Tor Jonssons-plass framfor kommunehuset bli opprusta. Sitat av Tor Jonsson blir prega i stein og vil pryde sentrum for all framtid. Hildegunn Hovde og Aslak O. Brimi har tonesett dikt av Tor Jonsson og har med seg Aasmund Nordstoga med musikarar på urframføringa denne kvelden. Den nye musikken kjem ut på plate i løpet av året. Jonsson-biograf Ingar Sletten Kolloen held festtale, og elevar frå Lom ungdomsskule bidreg med musikalske innslag på festkvelden. Under vandringa på Bergom tidlegare på dagen, deltek songkoret Lomsklangen og framfører tonesette dikt av Tor Jonsson.

Etter konserten om kvelden, blir det festmiddag på Fossheim til ære for forfattaren. Som seg hør og bør, vil det stå husmannskost på menyen. Vi vonar mange frå både fjern og nær har hug til å vera med på feiringa av ein av våre fremste ordkunstnarar. Vel møtt til Tor Jonsson-jubileum i Lom 21. mai! Billettar til festkvelden i Utgard vil snart bli lagt ut for sal.

Screenshot 2016 02 21 14 19 02