Oransje det nye svart?

Dikt i samlingSamlaget har i år gjeve ut ny utgåve av Dikt i samling. Det er fyrste gongen samla dikt kjem ut i billigbok, og her er omtala av boka:
«Då Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. Han vart ein «klassikar» i levande live. Seinare har diktinga hans stendig vorte meir populær. Fleire av dikta er også vorte velkjende ved at tone- og visekunstnarar har sett melodi til dei.
Dette er første gong Tor Jonssons samla dikt kjem i billigbok. Denne utgåva inneheld etterordet som Tore Ørjasæter skreiv til fyrsteutgåva av Tor Jonssons Dikt i samling (1956) og eit minnedikt frå venen Jan-Magnus Bruheim.»
Boka er til sals i bokhandlar, nettbokhandlar og på Lom folkebibliotek.
Som Samlaget har også Nasjonalbiblioteket valt oransje til Tor Jonsson-jubiléet. Alle bibliotek i landet har fått tilsendt oransje plakatar som prydar veggane. Så kan ein diskutere om farga kler forfattaren. Vi kan i alle fall einast om at dei er godt synlege og lyser opp der dei er å finne, og at Tor Jonsson var ein forfattar og eit menneske som brann og brann.
Til ein namnlaus 3