På Tur med Tor – og Hans

 

Hans Aanrud   
Tor Jonsson

 

I Nordre Ål har mange av vegane forfattarnamn. Tor Jonsson er ein av forfattarane som har fått ein vegstubb oppkalla etter seg. Tor Jonsson-laget vil kvart år invitere til ei vandring for å bli kjent med desse forfattarane. Vi kallar vandringa «På tur med Tor». I år går turen til Hans Aanrud veg.

Det er forresten ikkje berre vegar som er oppkalla etter forfattarar. Vegar har også namnet til bøker  og personar i forfattarskapet. Sølve Solfengs veg og Sidsel Sidserks veg har såleis namn frå Aanruds forfattarskap.

Vi vil gjere oss kjent med desse to forfattarane gjennom å slå følgje med Geir Haugsbakk som fortel om Hans Aanrud og Håvard Teigen som presenterer Tor Jonsson. Men det stoppar ikkje med dette. Camilla Granlien vil synge tonesette dikt og Trond Klaape vil lese tekster av forfattarane.

Vi møtest øvst i Tor Jonsson veg med 20-30 minutt i ord og tonar om og av Tor Jonsson. Så går vi saman vidare til Hans Aanruds veg og gjer oss kjent med han på tilsvarande måte. Kort veg å gå, men dei som vil kan ta med camping-stol.

Oppmøte: Tor Jonsson veg onsdag 26. mai kl 17.30

Vandringa er gratis. Det er også eit magasin om Tor Jonsson. Det blir sal av bøker.

Velkomne til ei historisk vandring!

Helsing

Tor Jonsson-laget

Årleg arrangement «På tur med Tor»

 

Medarrangør i år: Gausdal historielag