Det vart god stemning på Randgårdsjordet i Lillehammer onsdagseftaen den 26.05.2021 da Tor Jonssonlaget i samarbeid med Gausdal Historielag arrangerte vandring «På tur med Tor – og Hans». Mellom 40 og 50 medvandrarar møtte opp for å vera med på arrangementet. Tor Jonssonlaget, med primus motor og eldsjel Håvard Teigen i spissen, har ei tid arbeid med denne ideen der føremålet skulle vera å gjera diktarane bak gatenamna på fleire gater i området på Randgårdsjordet bedre kjent. Pandemien har sett grenser for gjennomføring, men laget fann det nå forsvarleg, etter samråd med lokale styresmakter, å laga til ei «prøvevandring» der målgruppa primært skulle vera lokalbefolkinga i Tor Jonsson veg og Hans Aanruds veg.
Det var med ei viss spenning arrangørane gjekk til oppgåva ettersom avgjerda om gjennomføring vart teke med relativt stutt varsel og marknadsføringa dermed vart noko snøgg-gjort. Med gode medspelarar i Geir Haugsbakk, Camilla Granlien og Trond Klaape vart det laga eit program som heldt høg kvalitet, og været viste seg frå si beste side, så dermed viste det seg at publikum fatta interesse og møtte opp.
Programmet opna i Tor Jonsson veg der Camilla først song «Kong husmannsgut». Håvard heldt deretter eit inspirerande og innhaldsrikt foredrag om Tor Jonssons liv og dikting. Trond las opp novella «Skyer på guds himmel» med stor innleving og spenst. Camilla song fleire viser av Tor som ho sjølv har sett tone til. Håvard har i ettertid karakterisert hendinga i Tor Jonsson veg på følgjande måte: «Ja, det vart ei fin og festleg markering! Tor Jonsson tok sitt eige liv, men skreiv også : «Meg skal ingen grava ned». Slik jekk Tor att i sin eigen veg-stubb i dag.»
Frå Tor Jonsson veg gjekk vandringa vidare til Hans Aanruds veg. Der vart det også song av Camilla, med kjente og litt litt mindre kjente stubbar med tilknyting til Gausdal. Geir heldt eit lærerikt og fengande foredrag om forfattaren, litteraturkritikaren, teatermannen, dramatikaren og foreiningsmannen Hans Aanrud fra Auggedalen i Vestre Gausdal. Frå enkle kår i heimbygda arbeidde han seg oppover i karrierestigen og var ei periode på line med Bjørnson og Ibsen i popularitet bl.a. i Tyskland. Populariteten avtok etter kvart og frå 60 og 70 talet var han nesten gløymd.
Trond las frå novella «Odelsguten» med ei innleving og engasjement som fekk publikum til å kjenne seg til stades saman med storbonden på Evenstad.
Håvard takka publikum for frammøte og aktørane for flotte bidrag til arrangementet. Han opplyste til publikum at Tor Jonsson-laget vurderer å gjera «På tur med Tor» til eit årleg arrangement. Derfor kan vi dei komande åra vente oss tilvarande opplegg for dei andre vegane med diktar-/forfattarnamn i området.