«Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord,» lyder første setninga i denne teksta, som Tor Jonsson skreiv den siste tida han levde. Men i barndomslyset var det ein skugge, som heller ikkje er blitt borte i vaksenlivet.
Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord. Eingong var fattigdomen kjær. For i fattigdomen gjekk mor og far og var som englar i eit Himmerike av små gleder. Det slitne golvet, den grisne veggen, det rotne torvtaket – alt dette var eingong det vakraste i verda. I ei fattig barneverd er bein og stein gull og sølv, og eventyret ventar bak alle røyser –
Årstidene kappast om å bera gåvene sine fram for oss borna. Sumaren var som ein gjevmild rikmann. Vi fråssa i grenselaus rikdom heilt til nyperosa i leikarrøysene var borte, og hausten kom med søt gjem av korn i skuronndagar. Da lærde vi å skjera fløyter av halmstrå. Vi bles i den såre hausttonen, og heimsauene svara tunglyndt oppi lia. Så kom vinteren med snø og julelengt. Julekvelden var kongen mellom kveldane, da delte mor ein appelsin i fem delar. Men kongen mellom dagane var den dagen sola kom att og smøret bråna på veggen. Da var sjølve eventyret i kjømda. Våren gav oss alt vi hadde mist og gløymt. Blekkeøskjer og sundbrotne knivar blenkte fram mellom gråe snøflekker, og vi fekk eigargleda enno ein gong. Borken gjekk, bekken vandra nedover mot kyrkjebygda, og bukkeblomane glytte opp. Våren var ein veg til eit framandt land.
Ein gong iblant fylgde mor oss ut i verda, til granneplassar og andre grender eller til elvelandet, der Fåkjelda rann over glitresand, og rekarveden låg elvesliten og krøklut som trollkjerringfingrar. Da var mor med oss i leiken til vi vart store og lykkelege. Nei, innafor denne draumen blir ordet maktlaust –
Men i dette var det ein skugge, svartare enn skuggen av Felefjell. Denne skuggen kjende eg i meg. Midt i gladaste leiken hende det at eg tok spranget bort i skuggeskogen. Alt ikring meg var sol, blomar og blå himmel. Men sjøl var eg svart. Eg var vond. Eg pinte småkrek i skogbotnen til eg gret, for det eg tykte synd i dei. Eg var full av svarte rop: Gjer noko gale og gråt! Eg gøymde meg inne i skogen halve dagen og høyrde mor sprang og ropa og leita og gret av otte. Da sokk eg sjøl ned i gråten og leitte etter gleda.
Under eit berg i skogen låg kjelda som var botnlaus. Dit jaga dei svarte ropa meg og bad meg hoppe nedi. Der sat eg mang ein gong og såg den herlege sorga over min eigen død. Ein dag hoppa eg nedi kjelda. Men den gongen var sorggleda langt borte . Det var himmel i kjelda, og kvite skyer sveiv der nede. Time etter time sat eg og stirde ned i botnløysa, eg segla mjukt ned gjennom alle himlar – til vatnet slo saman over hovudet – og eg kjende handa til far drog meg opp. Men lyset var oftast langt borte. Eg gjekk der som vardøger for vonde tider.
Ein gong fann eg ei sylgje og fekk ei krone i finnarløn. For krona kjøpte eg kaffisil til mor. Ho rakk å takke meg før eg reiv kaffisilen til meg, braut han sund, tråkka på han og tok spranget. Eg gøymde meg i skogen heilt til skuggen av Felefjell skræmde meg heim.
Nede på Bø budde det byfolk, og ein dag råka eg By-Erik. Vi var jamaldringar og samdest snøgt. Eg bad han med til leikarstellet og synte fram den store skatten min: ei blå blekkøskje med ein mann og ein fisk på. – Skrap, sa Erik og kasta øskja. – Slik gjekk det med alt eg åtte, det vart til skrap i hendene hans. Da eg vart åleine, reiv eg sund heile leikestellet, konglar og kvitsteinar kasta eg. Skrap, sa eg høgt til meg sjøl og vart ein annan. Etter den dagen kasta eg bort alt det syskena mine åtte.
Grøtte eg dei andre borna, låg sorga i meg som ei svart glede og gjorde meg stor og sterk. Syster mi hadde lese for meg om dei gamle gudane. Dei sat og var mørke av makt, medan folket ofra til dei. Borte i Blåbjøllbakken var ein stein vi kalla Stolsteinen, av di han likna ein stol. Der sat eg ofte og var ein svart gud. Men ingen kom og ofra til meg. Da plukka eg stein og gjekk på jakt etter sporvane med grisebytta. Ein kveld råka eg. Så glad som ein svart kan bli, tok eg den døde sporven og sprang bort i Blåbjøllbakken. Der laga eg eit bål framfor Stolsteinen og la sporveliket opp i elden. Da skuggen frå Felefjell kom sigande, sat eg på trona mi, og offerrøyken steig til himmels.
– – –
På fjorden glitra småbårene i kveldssola. Det susar tungt i granen kring hytta.
Kjelde: Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, Prosa i utval ved Ingar Sletten Kolloen, 2000.