Sløkk ikkje elskhugelden som brenner mi sjel

2016 01 08 12.20.226. – 8. januar 1951

Ein av dei første dagane på nyåret, oppsøkjer han barndomsvenen Lars Ekre, som også bur i Oslo. Dei to har ikkje hatt så mykje kontakt i vaksenlivet. Dei nesten jamgamle lomværane pratar denne kvelden mykje om far til Tor Jonsson, Prestkroken-striden og presten Smith. Ein bitter Tor Jonsson har bestemt seg for å skifte namn. Filologen Lars Ekre vil gjerne vite kva slags namn han vil ta, og etter litt lirking og luring kjem han med det: Tord Kroken. Dei blir sitjande utover natta. Lars Ekre opplever eit menneske som skjer stykke av seg sjølv.

Søndag 7. januar er Tor Jonsson invitert heim til Ljøstad på selskap. Dei er tre par, pluss diktaren: vertskapet, Sara og Sigmund Moren og Ingrid og Magne Nybakk. Tor Jonsson har lova å kome. Kvelden før selskapet skal haldast ringjer det på i Camilla Colletts gate, der Ljøstad bur saman med kona Margit og tre vaksne barn på veg ut i eigne liv. Utanfor står gjesten, som er invitert først til neste kveld. Han er nokså full, og utan innleiande høflegfrasar tek han til å prate om det ulykkelege forholdet mellom han og Ruth Alvsen. Han har også med ein bunke dikt som han vil ha ut snarast. Han insisterer på at Ragnvald Skrede skal vera konsulent. Det finn Ljøstad underleg, for han har høyrt Tor Jonsson sjølv leggje ut i krasse ordelag om kor blodige uvener dei to er etter ein duell i Arbeiderbladet i oktober.

Det er frå første stund ei ganske trykt stemning i selskapet dagen etterpå, for dei ventar alle spent på Tor Jonsson. Han dukkar ikkje opp til avtalt tid. Vertsskapet må til slutt be gjestane gå til bords likevel, men ingen har noka stor glede av maten og drikken, for dei fryktar det verste. Når dei er ferdige med å ete, ringjer det på døra. Dei seks vaksne i stova pustar letta ut når dei oppdagar at det er Tor Jonsson som endeleg kjem. Han er ikkje aleine, han har med seg Ragnvald Skrede. Etter kvart kjem det fram at dei to har røykt fredspipe og utan tvil også drukke godt til, for båe er godt rusa. Tor Jonsson så mykje, faktisk, at dei må rasjonere med drikkevarene han vil ha i seg. Ingen i laget får dempa uroa si over korleis det skal gå med han i løpet av denne kvelden. Han syner meir og meir omsynslaust fram kor langt nede han er.

Når han går frå Camilla Colletts gate natt til måndag 8. januar, reiser han ikkje ut att til Ingierstrand. Han tek inn på Bondeheimen. Han oppheld seg i byen også neste dag og overnattar på ny i ei seng på Bondeheimen. For tysdag har han avtale om å treffe Sparre Olsen, som er særs uroleg for venen. Dei har avtale om å møtast på ein restaurant. Tor Jonsson, som helst kjem for tidleg, dukkar ikkje opp til avtalt tid. Når han fyrst kjem, gir han klar beskjed om at han har dårleg tid. Han gjer eit nummer av at han har  avtale med nokre kvinnfolk på Blom. Det kan sjå ut som han vil briske seg, ved å fortelja kameraten  at det finst fleire kvinner i verda enn Ruth Alvsen.

Komponisten finn det meir enn underleg at diktaren, som han veit har eit så anstrengt forhold til Olav Aukrust, fleire gonger under møtet mumlar fram nokre lausrivne Aukrust-sitat. Ved orda «Tidi må breste der æva gror» – er det som om han stoggar og tenkjer, ser komponisten.

Sparre Olsen prøver å få i gang ein samtale om Aukrust, men da bjeffar Jonsson: «Aukrust var genial, ved sida av få andre i norsk dikting!» Men han presiserer at dette gjeld berre dersom Aukrust blir vurdert etter det beste han har skrive. Tor Jonsson insisterer på å betale, og når han dreg opp av bukselomma nokre krøllete tikronesetlar, følgjer det med nokre papirlappar han har skrive dikt på. Han syner fram den eine.

Eg gøymer ei hjartesorg.
Eg gøymer ho vel.
Å, sløkk ikkje elskhugelden
som brenner mi sjel. – –

Kjelde: Berre kjærleik og død, Ingar Sletten Kolloen. Foto: Ruth Alvsen og Tor Jonsson fotografert i Oslo hausten 1950.