Tor Jonsson-laget

Tor Jonsson-laget

Tor Jonsson-laget vart skipa i slutten av april 2000. Kort tid etter vart Tor Jonsson-stova opna for publikum. Lom kommune hadde da fått stova restaurert etter at ho hadde forfalle i fleire år.

Laget er organisert som foreining. Styreleiar er Håvard Teigen.
Føremålet med foreininga er å gjera livet, diktinga og heimbygda til Tor Jonsson betre kjend og tilgjengeleg og yte økonomiske bidrag til føremål og prosjekt som er knytt til livet, diktinga og heimbygda hans. Foreininga er sjølveigande og skal ikkje vera næringdrivande.

I 2016 stod Tor Jonsson-laget for markeringa av 100 årsjubiléet til Tor Jonsson. Nå i 2021 markerar vi at det 70 år sidan han døydde.


Innmelding Tor Jonsson-laget

Gode Tor Jonsson-ven

Tor Jonsson-laget er ein medlemsorganisasjon bygd på årleg medlemskontingent. Det har vist seg at dette klarer vi ikkje å følgje opp. Vi har derfor nå bestemt oss for innbetaling av ein eingongssum. Ved å betale dette beløpet blir du medlem av vennelaget på livstid. Pengane blir brukt til drift av laget, arrangement og ikkje minst vedlikehald av heimen til Tor: Stussleg-stugu. Som medlem vil du få tilsendt opplysingar om arrangement, tilbod om bøker osv.

 

Medlemskontingenter er kr 500

Innbetaling til konto: 2085 2552558 eller Vipps 123004.

Skriv e-postadresse og/ eller telefonnummer på innbetalinga.

Takk til alle som vil bli med oss framover.