Tor Jonsson-laget har ei stund gjort kjent at vi arrangerer festkveld i Lom 12. november og i Oslo 28. november. Men som vanleg er det ikkje berre vi som tek vare på Tor sitt ettermæle. Bjarne Tormodsgard kjem til dalen og fortel om da Tor «fillerista Hallingen». Det er Rudi gard som står for arrangementet. Den nye «Dikt i samling» med 50 dikt som ikkje var med i den gamle samlinga, vil bli presentert og seld.