VANDRINGA 14. MAI

Den årvisse vandringa i Tor Jonssons fotspor på Vår Frelsers Gravlund i Oslo er ikkje så årviss nå. For andre år på rad må vi korona-avlyse. Dette er spesielt bittert i år. Det er 70 år sidan Tor døydde og Samlaget har gjeve ut «Dikt i samling» med 50 nye dikt. Boka skulle presenterast som del av vandringa. I år må vi berre trøyste oss med diktet som blir lese opp kvart år under denne vandringa: KONG HUSMANNSGUT. Leiar i Tor Jonsson-laget har i dag lagt dette ut som «Mitt Tor Jonsson-dikt».