Venetapet

Einar tor jan stortTor Jonsson (t.v.), Einar Skjæraasen og Jan-Magnus Bruheim (t.h.). Tor og Jan-Magnus reiste ofte saman innover til Oslo på møte i forfattarforeininga. Dei løyvde seg nesten alltid nokre ekstra dagar i for- og bakkant. Her er dei heime hjå Kjetil Ljøstad saman med Einar Skjæraasen. Foto: NTB ScanpixI dagane etter dødsfallet var det mange som anklaga seg sjølve for ikkje å ha høyrt varselklokkene ringje. Tor Jonsson frikjende dei alle. Det er ikkje noko anna menneske som har skuld i at det gjekk slik med meg. Siste helsing Tor, skriv han i brev til nabo og syskenbarn Andreas Brunes. Mykje tyder på at Tor hadde brukt julehelga til å gå gjennom  alt han hadde skrive, og sortere ut det han ikkje ville ha att etter seg. I brevet til Ljøstad instruerte han forlagssjefen:

«Gode ven. Takk for alt du har gjort for meg. Det er ikkje så mykje eg har att av det eg har skrive, men kan det bli bok, kunne vel tittelen vera Ei dagbok for mitt hjarte, som eg nemnde.»

Slik introduserte han desse dikta i manuskriptet han gjorde ferdig:

Kvar gong når hjartet sleit seg fri
frå alt det tankesvarte,
da skreiv eg desse orda
i ei dagbok for mitt hjarte

Han brende mykje før han la seg ned for å døy. Tarjei Vesaas rapporterte i eit brev til Inge Krokann rett etterpå at «det låg eit tjukt lag med nybrend papiroske i peisen. Det er nok gått med mangt som ikkje burde…» Å brenne det han ikkje ville ha att etter seg, var altså noko av det siste han gjorde. Diktet Så stig da i meg einsemd, som han truleg skreiv i løpet av dei siste timane han levde, tyder på at han til slutt fann fram til eit avklara forhold til døden:

No stormar all mi einsemd mot si grense.
Mitt liv var draum forutan dagklår visse
og difor eig eg ikkje jorda meir –
Men livet skal eg aldri, aldri misse – 

I tida etter dødsfallet, fekk den unge diktaren stor merksemd i media i heile landet. NRK hadde minneprogram og radioteateret spelte dramaet hans, Siste stikk. I arkivet på Nasjonalbiblioteket finn ein 18 nekrologar og minneskriv frå aviser i hovudstaden og rundt om i landet. I dag deler vi Jan-Magnus Bruheim sitt dikt, Venetapet, i morgon Halldis Moren Vesaas sin nekrolog.

Venetapet
av Jan-Magnus Bruheim

Ei uro jagar millom von og misvon -.
Han lever ennå. Her må skje eit under!
Men venskap bergar ingen mann.
Vi er åleine på ytste øy i våre tyngste stunder.

Det slokna ljos mot grye. Aldri skal
ditt hovud meire reise seg frå pute.
Uverkeleg og ørskegrå står dagen
med tunge augnelòk mot blinde rute.

Eit hjarte slutta slå sin tunge blodkolv,
ei live stupte under krav og kross.
Og døden kom. han lyfte krossen upp att
og la han tegjande og tungt – på oss.

– – –

Den fyrste dag – og alle dagar går.
Det snøar ute. Og eg står her inne
og ventar stilt. men snø fell aldri over
det nakne stjernehimmeldjup av minne.

Det bankar nattetid. Det opnast dører.
Og alt som hende – det er
det hender.
Det snøar på ei grav. Det er som frøyste tåror
or himmelauga over våre grender.

Eg står her framfor stengt, og kallar på deg
frå einsemdsstrandi ved den stille sjøen.
Og rope bryt or djupe: Kom attende.
Men venskap vekkjer ingen upp frå døden. 

Kjelder: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen, Dikt i samling av Tor Jonsson.