Tor Jonsson sin gravferdsdag 27. januar var uvanleg kald, sjølv i fjellbygda. Men i kyrkja, som den døde hadde sagt og skrive så mykje stygt om, var det varmt. Kyrkja var overfylt av langvegsfarande gjester og sambygdingar. «Med blomar frå heile bygda står eg ved båra di, Tor. Det er ein takk for alt det du har vore og gjeve oss. Enkelte av folket har kanskje ikkje vore slik som dei skulle, men du tok kampen opp. Du brann for dine idéar, ordet skal rope uretten ut. Det du tolka skal leva om du døyr,» sa Ap-ordførar Jo Kveum.
Dei mange i bygda som ennå ikkje hadde forstått kor stor den spebygde sambygdingen hadde blitt, vart ganske glåmøygde. Sambygdingane las med oppsperra auge nekrologane i dei store avisene:
«Han vil leva alltid i norsk lyrikk, enda han vart borte så tidleg, før han retteleg fekk ta til.»
«Mange bøker har han ikke gitt ut. Og likevel – han var den betydeligste av våre unge lyrikere. […] Den som har møtt versene hans, vet at lyset fra navnet Tor Jonsson vil bli sterkere og sterkere etter som årene går,» spådde Odd Eidem i Verdens Gang.
«For det spraka og lyste av Tor Jonssons dikting. Tanken var klår, pennen var viljug og kvass. Og no då han slokna, berre 34 år gamal, var han ein av dei mest markante diktarprofilar landet vårt åtte,» konstaterte Alfred Hauge i Stavanger Aftenblad.
«Med sine tre diktsamlinger […] hadde han slått sitt navn fast og han var en av dem man stilte store og lysende forventninger til. Hans meislede epigrammatiske strofer hogg seg inn i bevisstheten. Og man glemte dem ikke så lett, – de hadde dype og tunge undertoner, de ble liggende og synge i en,» minte Eiv. H. i Aftenposten seg sjølv og lesarane på.
Korkje Halldis Moren Vesaas eller mannen drog opp til Lom i gravferda. Han heldt ikkje ut tanken på å svare på alle dei vanskeleg spørsmåla. «Du veit korleis det er i ei slik bygd. Dette ville eg ikkje inn i. Orka liksom ikkje å halde på å forklare om det lenger. So kom eg ikkje – endå eg svært gjerne ville vist Tor Jonsson denne såkalla vyrdnad,» skreiv Tarjei Vesaas i eit brev til Tore Ørjasæter, som representerte forfatterforeininga. Halldis som kjende Tor Jonsson best av dei to, skreiv dette til minneprogrammet som NRK sende om diktaren.
Kjelde: Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen. Avisutklypp: Nasjonalbiblioteket.