Vår Frelsers gravlund 14. mai
Bli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai med vandring på Vår Frelsers gravlund og middag på Bondeheimen!
Frist for påmelding: 3. mai. Program og invitasjon under.
Bli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai med vandring på Vår Frelsers gravlund og middag på Bondeheimen!
Frist for påmelding: 3. mai. Program og invitasjon under.
I høve Tor Jonsson-jubiléet i fjor kom det ut to nye bøker med tekster av og om forfattaren. Boka Eit ord er eit under med Tor Jonssons eigne tekster i samling, kom i 2016. I år kom artikkelsamlinga Meg kan ingen grava ned med tekster om ulike sider ved livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Blant bidragsytarane her er Andreas Hompland, Ottar Grepstad, Arthur Arntzen, Aslaug Nyrnes, Jan Inge Sørbø, Gard Espeland og Inge Eidsvåg. Elleve av tekstene er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka.
På Lom folkebibliotek har vi nå førjulssal på begge bøkene og Tor Jonsson-nett til 650 kroner. Dette er ein julegåveidé til dei som er interessert i forfattarskapen til Tor Jonsson, til dei som kan bli det, til historie- og lyrikkinteresserte over heile landet og til dei som har alt, men manglar desse bøkene i bokhylla. Bøkene og nettet kan sjølvsagt også kjøpast enkeltvis.
Har du ikkje høve til å koma til biblioteket, kan bøkene bestillast på Oplandske bokforlag. Lenker i boktitlane over.
God jul og godt nytt Tor Jonsson-år i 2018!
Helsing Tor Jonsson-laget
Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 31. august til 3. september. Det er i år 100 år sidan Knut Hamsun skreiv romanen Markens grøde som han mottok Nobelprisen i litteratur for i 1920. Markens grøde blir overordna tema på litteraturseminaret og under dagane som heilskap. Den yngre garde får også ta del i markeringa med Markens grøde-seminar for elevane på den vidaregåande skulen og eit spesiallaga opplegg for elevane på ungdomsskulane med forfattar Aina Basso.
Elles er vi svært glade for å ha med oss Norges 57. morsomste mann, Are Kalvø, rockepoeten Tom Roger Aadland som har gjendikta fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk, diktardøtre frå dalen, vår eiga Ragnhild Kolden som i år har motteke strålande kritikkar for romanen Det gode vi ikkje gjer deltek med opplesingar i Lom, Skjåk og Vågå, og debutant Therese Tungen frå Kvam som har fått svært gode skussmål for novellesamlinga Ein gong var dei ulvar, Jens M. Johansson som skreiv ein av fjorårets mest kritikarroste romanar Et godt liv og Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med romanen Hennes løgnaktige ytre, ein roman om Anna Munch, kvinna som var besett av Knut Hamsun. I tillegg blir det opplesingar, måleriutstilling med Wilhelm Bjertnes, Ola Grøsland held årets Tor Jonsson-foredrag om Tor Jonsson og Knut Hamsun. Det blir Diktarmiddag på Fossheim med Are Kalvø og Endre Skjåk, konsertar og fjelltur. Sist men ikkje minst vil våre lokale diktardamer, Vera Henriksen og Lisbet Lid Venås, få sin velfortente heider og merksemd under dagane. Vel møtt!
I dag er det 101 år sidan Tor Jonsson vart fødd i Lom. Jubileumsåret i fjor synte at det fortsatt er stor interesse for diktaren, og at mange av tekstane hans lever i beste velgåande. Vi i Tor Jonsson-laget er svært glade for at jubiléet vart så vellykka som det vart, med ei mengd godt besøkte arrangement rundt om i landet, teateroppsetjingar, ny musikk til dikta, Tor Jonsson-magasin og bokutgjeving.
På dagen hans i dag er vi svært tilfredse med å kunne melde om ei ny bok om Tor Jonsson. Også denne utgjevinga kom til som eit resultat av 100-årsjubiléet. Boka som kom i fjor, Eit ord er eit under. Tekster i samling, er ei bok med tekster av Tor Jonsson. Boka som kjem i år Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson, er ei bok om forfattaren.
Tittelen på boka er henta frå diktet «Den ukjende», frå samlinga Ei dagbok for mitt hjarte, som vart utgjeve posthumt i 1951. I siste strofa i diktet seier diktar-eget: «Meg kan ingen grava ned. Det er ingen som har kjent meg».
Boka inneheld 18 artiklar om Tor Jonsson og ulike sider ved livet og forfattarskapen hans. Elleve av tekstane er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka. Dei tek til dømes for seg Tor Jonsson som samfunns- og bygderefsar og drøftar korleis omgrepet "bygdedyret" er blitt knytt til Tor Jonsson. Andre artiklar samanliknar Tor Jonsson med Alf Prøysen og dreg parallellar og peikar på skilnader mellom han og Aasmund Olavsson Vinje. Vidare handlar det om Tor Jonssons retoriske landskap, mor/barn-tematikk og andre sentrale emne i den lyriske diktinga.
Dei 7 siste bidraga er eldre tekstar der samtidige forfattarar, skribentar og forskarar skriv om livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Fleire av dei hadde eit personleg forhold til han.
Bidragsytarane er Inge Eidsvåg, Gard Espeland, Ottar Grepstad, Andreas Hompland, Aslaug Nyrnes, Svein Johs Ottesen, Jan Inge Sørbø, June Røys Hauge, Ove Røsbak, Arthur Arntzen, Paul Breiehagen, Jan-Magnus Bruheim, Inger Heiberg, Reidar Djupedal, Halldis Moren Vesaas, Tore Ørjasæter og Ottar Brox.
I år som i fjor er det Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Håvard Teigen, leiar i Tor Jonsson-laget og professor ved Høgskolen i Innlandet, og Svein Johs Ottesen, omsetjar og tidlegare kulturjournalist og kritikar i Aftenposten, har redigert boka.
Boka går i trykken i desse dagar og blir lagt ut for sal seinast 25. mai. Ho kan bestillast på Oplandske Bokforlag eller kjøpast over disk på Lom folkebibliotek.
Vi avsluttar med diktet «Den ukjende» og håpar at rett så mange av dykk vil tinge boka og få ny kunnskap om og glede av Tor Jonsson og diktargjerninga hans.
Den ukjende
Eg er ein mann som ingen kjenner.
For den eg er, gjekk støtt ein ukjend veg.
Farvel, da alle gode venner,
som berre kjenner han som aldri likna meg.
Meg kan ingen rose eller laste,
for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær.
Så tei still venner, så eg slepp å høyre
ros og ris for det eg ikkje er.
Men ein gong kjem vel alle venner
og fører meg til grava. Og så godnatt, godnatt.
Men eg skal fylgje med når de går heim frå laget,
da skrymtar eg i skuggane, i grenda går eg att.
Meg kan ingen grava ned, det er ingen som har kjent meg.
Det bur ein annan i meg, han åtte aldri ord.
Han lever att i andre og vandrar i sin himmel
på denne barndomsfagre og bombesprengde jord.
Årets julegåvetips! Tor Jonsson-nett med Tor Jonsson-bokpakker! Løp og kjøp på Lom folkebibliotek!
Bokpakke 1: Eit ord er eit under, Berre kjærleik og død og Dikt i samling: 600 kr
Bokpakke 2: Eit ord er eit under og Berre kjærleik og død: 500 kr
Bokpakke 3: Eit ord er eit under og Dikt i samling: 450 kr
I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerket.
Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), "den norske parlamentarismens far", med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia var også ei kampsak for Sverdrup, som vart den fyrste formannen i det nystifta Venstre. Han engasjerte seg også i kampen for ålmenn røysterett for både kvinner og menn. Sverdrup var norsk statsminister frå 1884 til 1889. Tor Jonsson-laget synest det er stor stas at dei to frimerka blir lansert samstundes.
Frimerket med Tor Jonsson er verdsett til 20 kroner med portrett av forfattaren og verseliner frå diktet "Heimkjenning" i bakgrunnen. Sverre Morken står for design og gravyre. Ein kan bestille frimerket i nettbutikken til Posten.
Urframføring i Lom 12. november!
Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30!
Arr.: Diktardagar i samarbeid med Utgard.
Som de veit, har boka med tekster av Tor Jonsson med tittelen «Eit ord er eit under» nå kome ut.
Nesten 300 vart med på Tabula Gratulatoria. Vi hadde målsetting om minst 100. Den store responsen var sjølvsagt svært gledeleg!
Denne veka og neste køyrer vi hente-kampanjer i Lom og i Oslo. Vi oppmodar fastbuande i Lom, Skjåk og Vågå og folk som er heime på haustferie, til å hente boka på biblioteket i Lom.
Mellom 50 og 100 av dei som har tinga boka er frå Oslo-regionen, og vi vonar at flest mogleg av dykk kan hente boka på tilstellingar i Oslo denne og neste veke.
Denne veka er konserten «100 år i kjærleik og død» på Rikscenen fredag 7. oktober. Vi vil vera der med utlevering og sal av boka frå kl 19.00. Vi vil også vera der etter konserten.
Vi er der også dagen etterpå frå kl 18.00
Dei som ikkje kan hente på Rikscenen desse to dagane, kan hente boka veka etter:
Da sit vi i resepsjonen på Bondeheimen
Tabula-pris på boka er 300 kr. Ta med dette beløpet. Dei som har innstalert mCASH kan betale elektronisk.
Dei som ikkje kan møte, vil få boka tilsendt i posten. Posten er ikkje lenger billeg og prisen blir da kr 360-380.
Boka er også til sals på vanleg, men det vanlege i dag er dessverre at bokhandlar ikkje har boka i hylla og må bestille. Boka er også til sals på Lom folkebibliotek og på arrangementa i Oslo for dei som ikkje har tinga boka. Prisen er da 360.
Vi sel også bokpakker til følgjande prisar:
"Eit ord er eit under" og biografien: 500 kr
"Eit ord er eit under" og "Dikt i samling": 450 kr
"Eit ord er eit under", Dikt i samling og biografien: 600 kr