TJ heading 

  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt
15jan

Nærast er du når du er borte. Dikt i samling

Tor Jonsson

Den nye boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling kom til i samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Det Norske Samlaget i høve at det i år er 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Her er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er dikt som har vore trykte i aviser, blad og bøker og dikt som ikkje har vore publiserte. Dei fleste nye dikt som er tekne med i denne boka, er henta frå dei tre hefta som kulturjournalist Torodd Kvaale (1927-1995) fekk i stand. Han samla i hop dikt, kladdar og manuskriptsider som låg att etter Tor Jonsson. I 1965 fekk han trykt tre hefte i avgrensa opplag, «Baksibragd», «Ord i einsemd» og «Mot ytste grensa». Desse hefta er tekne vare på og finst i samlinga til Lom folkebibliotek.

Med den nye, utvida utgåva ynskjer vi å syne ei større breidde hjå lyrikaren Tor Jonsson. Nokre av dikta er frå tida hans som bladmann. Dette er skjemtevers og skråblikk på aktuelle hendingar. Dikta «Proletarvise», «Sveinkallspringar» og «Dansar-Jan» er folkelivsskildringar som kan minne om dei ein finn hjå Olav Aukrust. Her blir kvardagsliv, fest, fyll og spetakkel skildra i eit munnleg språk krydra med bannskap og saftige gloser. Mor er med i fleire av dikta hans. Diktet «Trollheim» er ei av få tekter der han skriv om far. Tor Jonsson debuterte som lyrikar under andre verdskrigen. Han var pasifist og skreiv sjeldan om krigen, men «Død soldat», «Framtid» og «Ljos i mørkret» er blant dei nye tekstene der krigen blir tematisert. Sinne og forakt overfor det tradisjonsbundne, ættedyrkande og klassedelte bygdesamfunnet går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Dette kjem òg til syne i fleire av dei nye dikta. Det same gjer einsemd og utanforskap, kjærleikslengt og sjølvhat. Denne tematikken tiltek i styrke mot slutten av livet. «Eg åtte ikkje kjærleik» og fleire av dei siste dikta han skreiv har kome med i den nye samlinga. Her eit utdrag frå det siste diktet i boka, «Grenseland»:

Mi lengsle etter freden vart ein urobrann.
Først skar eg seljefløyte, sidan vandringsstav
og villa om i dette grenseland
i mellom fosterfred og fred i grav.

Teksten over er utdrag frå forordet i boka som er skrive av Rita Mundal for Tor Jonsson-laget. Forordet kan lesast i sin heilskap på Samlagsbloggen:
https://samlaget.no/blogs/aktuelt/tor-jonsson?fbclid=IwAR07TRonaH1Pq83AMb7RCBYOUrvX203WpE4IZqBU2J-GjODN2PPwGyb-CVU

14jan

DØDSDAGEN

I dag, 14 januar er det 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Han avslutta livet sitt sjøl. Tarjei Vesaas fann han i senga si. Da levde han framleis og vart sendt på sjukehus, men han vakna aldri opp att. Vesaas reiste tilbake dagen etter. Her refererer vi frå Ingar Sletten Kolloens biografi «Berre kjærleik og død»:

”Framfor senga ligg eit ark. Det er eit dikt. Ljøstad, som har gått gjennom manuskripta Tor Jonsson gav han både før jul og den dramatiske laurdagskvelden 6. januar, har ikkje sett diktet før. Ettersom han ikkje leverte det inn, har han høgst sannsynleg skrive det den aller siste tida.

Diktet byrja slik: ”Eg åtte ikkje kjærleik””.

Dette diktet var så sterk ei melding at det ikkje kom med i «Dikt i samling». Først nå, i den nye og utvida ”Dikt i samling» er diktet med.

Meir om den nye boka finn du her:
https://samlaget.no/products/naerast-er-du-nar-du-er-borte-dikt-i-samling?_pos=1&_sid=c0885c12b&_ss=r

2016 01 08 12.20.22Tor Jonsson saman med Ruth Alvsen, kvinna han hadde eit forhold til. Er det Ruth han skreiv om i diktet som låg på nattbordet?

Eg åtte ikkje kjærleik

Eg åtte ikkje kjærleik
men tala pent med englemunn
og alle mine tome ord
gjer stygg mi levestund.

Eg såg det vonde koma
og visste kva det galdt
men åtte ikkje kjærleik
og difor sveik eg alt.

Eg brann for alle arme
og stod i broderring,
men åtte ikkje kjærleik
og difor er eg ingen ting.

Eg åtte ikkje kjærleik
og difor er eg jord.
Men kanskje finst eit rike
der einast kjærleik gror.

Gjev meg svolt og svide
gjev meg einsemd på ei øy.
Den som elskar han skal sigre
over døden med å døy.

Døden går i verda
skapar dagen om til natt.
Der skal døden overvinnast
kjærleik einast leva att.

Gjev meg gull og grøde
gjev meg meire enn eg treng.
Ein gong skal eg døy i einsemd,
lik ein fugl med broten veng.

13jan

Minnemarkering

Tor J

I morgon er det 70 år sidan Tor Jonsson tok sitt eige liv, 35 år gammal. Det vart skrive at denne store diktaren dessverre døydde for ung og derfor raskt ville gå i gløymeboka. Slik vart det ikkje. I 2016 var det hundre år sidan han var fødd. Da vart Tor feira over heile landet og av mange institusjonar og organisasjonar. Teaterstykket «Berre kjærleik og død» som hadde stor suksess etter at Ingar Sletten Kolloen skreiv Tor Jonsson-biografien med same tittel, gjekk på nytt for fulle hus. Nå, blir «Dikt i samling» gjeve ut på nytt, men med heile 50 nye dikt.

Les meir …

08apr

Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Vår frelsersBli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag med vandring på Vår Frelsers gravlund tysdag 14. mai! 
I år stoppar vi lengst ved grava til Alf Prøysen der Inge Eidsvåg kåserer og samanliknar "en deprimert gledesspreder fra Hedmarken" og "en høyst oppegående sjølmorder fra Gudbrandsdalen". I tillegg bidreg Andreas Hompland og Gard Espeland på vandringa. Etterpå blir det trerettars middag på Bondeheimen med kjøtkaku som hovudrett. Der er Camilla Granlien med og syng viser av Prøysen og Jonsson. 

Frist for påmelding: 3. mai. Program og invitasjon under. Velkomne skal de vera! 

Program

31jan

Unge røyster. Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 30!

Unge røyster plakat b

 

 

 

Stiftinga G-Kultur inviterer unge i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen til å delta skrivekonkurransen Unge røyster. Dei som ynskjer å delta kan sjølv velje tema, men det skal vere knytt til det å vere ung i dagens og framtidas samfunn. Dette kan eksempelvis vere refleksjonar og visjonar om identitet og tilhøyrigheit, utdanning og arbeid, etnisk/kulturelt/språkleg mangfald, miljø og klima, fattigdom, migrasjon, mm.

Retningslinjer for bidrag til konkurransen

1 Fritt valg mellom kronikk-/essayform (maks 10 sider, 12 pkt, enkel linjeavstand) eller dikt.

2 Bidrag skal kunne publiserast i trykt form og på aktuelle heimesider.

3 Innkomne bidrag blir vurdert av ein jury, og inntil 10 bidrag blir honorert med 10.000 kvar. Vinnarbidraga skal etter planen publiserast i bokform i byrjinga av februar 2020. Juryen får ikkje opplyst namn på kven som har skrive bidrag.

4 Det er valfritt om ein vil skrive på nynorsk eller bokmål.

5 Frist for innlevering av bidrag er 15. juni 2019.

6 Namn, alder, epost-/postadresse og telefonnr. til deltakaren skal framgå av vedlegg til sjølve bidraget. Alle opplysningar blir behandla konfidensielt.

7 Bidrag skal sendast til ei av desse adressene: Epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Brevpost: Stiftinga G-Kultur, Jerikovn. 15E, 1067 Oslo.

For meir informasjon sjå www.g-kultur.no under menypunkt Unge røyster.

Du er også velkomen til å ta kontakt med ein av oss, som er styremedlemmer i Stiftinga G-Kultur: Knut Hovslien 9719 5148 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Marit Hosar 9076 7253 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Kjell Austin 4150 9460 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Januar 2019

Val av tema

Har du fundert mykje på eit bestemt tema og har tankar som du har lyst til dele med andre? Går du kanskje med ein forfattar eller journalist i magen, men treng ei anledning for å kome i gang? Nå har du moglegheit til å kome eit steg nærare målet, med Stiftinga G-Kultur sin skrivekonkurranse!
Vi ynskjer ikkje å fastsette eit bestemt tema for konkurransen eller legge føringar for korleis tekstbidraget skal utformast. Men vi ynskjer tekster frå ein ung ståstad som kan reflektere over korleis det er å leve i samfunnet i dag. Vi håper på tekster som vekker kjensler, tekster som overraskar og tekster som gjer oss litt klokare.
Det kan vere ei humoristisk eller alvorleg tekst. Det kan vere ei tekst som stiller spørsmål eller som prøver å finne svar. Det kan vere skrive med eit kritisk blikk eller ei kjærleg hand. Det viktigaste er å vise eit engasjement for temaet ein skriv om.
For å hjelpe deg litt vidare vil vi skissere nokre moglege tema.
Identitet og tilhøyrigheit: Korleis er det å vekse opp i ei bygd i Gudbrandsdalen? Kva skal til for at ungdom skal flytte heim att? Kva ville du gjort om du var ordførar i heimkommunen din? Kva vil det seie å kjenne seg heime? Kva har internett og sosiale medier å seie for identiteten din?
Utdanning og arbeid: Kva vil du bli? Ville du valt annleis om du fekk gjere ting på nytt? Kva kan vi leve av i Norge i framtida? Er det vanskeleg å velje kva ein skal bli i dagens samfunn, sidan det er så utruleg mange val? Finst det eit press om å bli noko viktig og å bli best i sitt fag? Er det feil å ikkje ha store ambisjonar?
Mangfald: Korleis er det å vera ny i Norge? Er Gudbrandsdalen ein god plass å kome til som flyktning? Er eigentleg vi nordmenn rause og inkluderande? Kan ein føle seg utanfor sjølv om ein er akkurat som alle andre? Kvifor skammar vi oss over å føle oss annleis?
Miljø og klima: Kva tenkjer dei som veks opp nå om foreldregenerasjonen? Går vi ei dyster framtid i møte, eller kan vi snu klimatrusselen? Kva kan kvar enkelt gjere for miljøet? Kva ville du sagt om du fekk halde eit innlegg på ei internasjonal klimakonferanse? Går det an å skrive sangtekster om miljø? Eller er all bekymringa om global oppvarming overdriven? Eller noko anna? Kanskje vil du heller skrive om noko heilt anna, som vi ikkje har tenkt på i det heile teke? Alt vi har føreslått ovafor er breie og store tema. Men du kan like godt skrive om noko snevert eller rart – for eksempel ei sær interesse, ein augeblink som betydde noko for deg eller ein spesiell stad du likar å vere.

01jun

Diktardagar 2018

Romferda 500x725Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 30. august til 2. september.

Hovudtema for Diktardagar 2018 er barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne
litteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og
unge? Det er også temaet for det årlege seminaret laurdag 1. september. Ei av dei
mest kjente og prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr. Ho kjem for å delta
både på seminaret og på andre arrangement.

Sidan det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil vi også markere
det, mellom anna med ei vandring i fotspora hans i Vågå, og ein Vinje-kveld, der det
blir konsert med Aasmund Nordstoga. Vinje var fleire somrar i våre traktar, særleg
som ivrig fjellvandrar i Jotunheimen, noko NRK-programmet «Med Vinje i
Jotunheimen» viser.

Til festkvelden i Utgard har vi fått Sigrid Moldestad med musikarar.

Som vanleg blir det eit omfattande program, i tillegg til det som er nemnt, er det
forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud på skular, forfattaropplesing, filmframsyning, kurs i kreativ skriving for
ungdommar, lansering av Barnedikt i utval av Jan-Magnus Bruheim, diktardagarmiddag,
pubkveld, Tor Jonsson-foredrag, bokbad, bokutstilling, program om
barnebokforfattaren Tea Kummen.

Velkomen til Diktardagar i Skjåk, Lom og Vågå,
Vi håper å sjå mange av dykk der.

Les heile programmet og meir om Diktardagar 2018 på heimesida: http://diktardagar.no/

27apr

Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Arrangementet "Vandring på Vår frelsers gravlund" som skal gå føre seg på Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai, nærmar seg. Prisen er 450 kroner som inkluderer middag på Bondeheimen med underhaldning. Påmelding og betaling til konto 2085 25 52558 innan 3. mai. Merk betalinga "Vandring".

Arrangementet kom i stand på bakgrunn av artikkelen under som Tor Jonsson hadde på trykk i Dagbladet 5. august 1950. 

Vår frelsers

Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Eg går her og vandrar på «Våre frelseres gravlund». Vandrar med seine kyrkjegardssteg og slepper tankane ut på vidotta. Går her utan å tenkje over at slik vandring og slik tankeverksemd i grunnen er asosial.

   Eg vil ikkje nett seia at eg høyrer til dei gravferdsglade som møter fram og græt over alle graver. Heller ikkje er det nokon dragnad mot døden som driv meg inn mellom alle dei stygge monumenta over norsk steinindustri.

   Nei, det er blomane. Alle desse trøysteblomane som står og er hjartelagssurrogat på gravene.

   Ein gong hata eg blomane. Det var den tida eg sveitta og bar jord og møk hos ein pen gartnarnellik. Det trengst ein viss porsjon dagdrivaroverskot skal ein elske blomar. Ein må liksom seia farvel til alle grender og gater der dei trøytte henders gud lever sitt liv. Ein må kjenne seg som andre potens av seg sjøl og tru at vårt latinske alfabet har noko med ånd å gjere. Så bør ein lulle litt over sin barndoms vitaminhunger og sin ungdoms ­seksualhunger og seia i namnet til Mennesket, Ånda og Verda. Dessutan bør ein vera så sosialt interessert at ein plantar roser på fattigmannsgraver ein gong iblant. På denne måten kan kvar stuslegstugu-gut få litt kulturparfyme i håret og måle seg med gamle embetsmannsfruer som trur på Gud og elskar geranium.

   Det er lenge sidan eg plukka klungerroser i røysene heime. Men utan at ein omvender seg og blir som barn att, kan ein ikkje koma inn i kulturriket.

   Det hender nok eg set både meg sjøl og andre kulturskrivarar i parentes med eit NB! Svindel! etter. Men kva skal den fattige gjera? Korkje blad eller forlag betaler honorar for det ein går ikring og er ærleg. Ærlegdom er ei vare der pris og tilbod ikkje har noko med einannan å gjera.

   Eg går her fattig og full av ord og villar meg bort blant direktørgravene på «Våre frelseres gravlund». Brått stoggar eg ved grava hans gamle Ivar Aasen. Det høver i grunnen dårleg at du ligg her, Ivar. Du var ingen frelsar. Du veifta ikkje med filleskjorta over sjølvsagde teoriar. Du gjekk berre og mulla nokre songar vi aldri kan gløyme. Nei, du høyrer ikkje til her. Du skulle lege på ein bortgøymd kyrkjegard i ei bygd, der dei ikkje har andre frelsarar enn Riksteatret.

   I kunstnarane sitt himmerike er det trongt no for tida. Men gudskjelov, det er godt rom på kunstnarkyrkjegarden enno. Pene plenar gjev liksom dødsrom og dagleg vyrdnad for kunstnarar og kunstige frelsarar. Trø ikkje på plenen! Dei store må ligge i einsemd skal dette åndssprengde folket hugse at dei er store. Kringom ligg næringsmennene som har frelst vårt folks fridom og fattigdom med sine tiltak.

   Men likevel – det kan koma tider da vi må trø på plenane. Det har vore god framgang i frelsarfaget, og eit ufrelst kulturfolk må fara fint med frelsarane sine etter kvart som dei døyr. Dei må ha stein og blomar. Sving hamaren, steinhoggar! Grav i jorda, gartnar! I morgon kan ein av frelsarane døy av matforgiftning, og da må alle arbeidsmaurane stå ferdige til å pynte Den heilage grav.

   Eg tenkjer først og fremst på desse som atter og atter gjev ut frelsarorda sine i bokform. Ikkje slik som berre knyter romanknutar og løyser dei opp att på siste sidene, men verkelege diktarar som har sett eine auga i pant for åndeleg klårsyn og veit om ein eller annan asfaltert frelsarveg.

   Eg veit ikkje om det har vore nemnt før, men det kan iallfall ikkje vera til skade om ein tek det opp att: Det er ei fæl tid vi lever i. Det er noko farleg ein stad. Resultatet er angest. Men i grunnen er det angesten som er farleg.

   Ja, slik må det altså seiast når ein skal vera åndeleg og upolitisk.

   La oss altså halde fast på dette: Det er noko farleg ein stad, noko som kan øydelegge vår kultur, vår fortidsdyrking og framtidsskodde, vårt celluloseåndsliv og – det verste av alt – sjølve Ånda, som visstnok skal finnast ein stad bak all cellulosen.

   Jaja. Her må noko gjerast, her må det frelsast. Det er ikkje nok med hallelujamøte, det må konstruerast eit frelsesystem som kritikarane godkjenner. Det må finnast ein eller annan metode til å frelse han Ola Normann frå angesten i tida, han er da gudhjelpemeg så redd at han skjelv i brokabaken midt i hardaste slåttonna.

   Men det er mangt som kan frelse menneskja. T.d. Mennesket med stor M. Eller rettare sagt trua på mennesket. Eg har forresten ikkje gode røynsler i så måte. Eg trudde på han Per i mange år, trudde på det gode i han etter ekte humanisisk oppskrift – heilt til han snytte meg for hundre kroner. No går han ikring med dette vakre kjeltringsmilet som sume kjøpmenn brukar til reklame.

   Denne trua på det gode i mennesket – jaja, det er liksom litt ukultivert å flire av det òg. For denne trua er eit foreldrelaust barn som er adoptert av høgåndelege krinsar av di Indremisjonen har gjort Herren din Gud til ein streng og upopulær Gud. Vår tids ungdom er berre shorts og skinn, og korleis skal ein få slik ungdom i tale når ein påstår at ein kjem frå Gud? Nei, da er det kanskje lurare med denne trua på mennesket, trua på Liaklev og Stokken og oss alle andre.

   Men så er det sume av frelsarane som liksom synest denne mennesketrua er for abstrakt, og så spesialiserer dei seg på kvinna. Kvinna er det som skal frelse oss! Ho har slike kvite, mjuke hender som høver saman med blomar i dikt. Og så hender det iblant at ho ber eit barn under barmen. For ein rikdom av frelsande symbol midt i ei tid då åndsmenneska talar varsamt om angesten så dei kan halda fram med å vera politiske albinos. Og kvinna frelser oss i vers etter vers, som alle er inspirerte av madonnabilete i gamle julehefte. Vi er snart så frelste at vi orkar ikkje å flire, men di meir kjem etterkomarane våre til å flire av denne sentimentale snufsinga vi kallar dikting.

   Men vi treng gravplass til alle frelsarane i framtida. La dei få sine åndsaristokratiske graver på plenane her i «Våre frelseres gravlund» nedanfor Bjørnsons falne fane. Bjørnson, ja! «De gode gjerninger redder verden.» Liksom det skulle vera noko å basunere ut! Det lærde vi da i første timen på folkeskulen.

   Slik går eg og småkokar av eksplosjonar her på gravlunden. Går i ein grå, vengeskoten dag. Går og veit at verda vil ha mange, mange småfrelsarar. Han sjølve Frelsaren starta med eit så stort program at ingen makta å fylgje, og så vart det berre kyrkje av det. I staden kom alle dei gløgge, oppfinnsame småfrelsarane.

   Det kan nok vera lettvint med slik patentfrelse, men eg elskar ikkje ekstatisk raping over råkostfatet. Eg må tenkje på det ho sa, kjerringa, som hadde kome i hypokonderlag: «Åja, ein lyt vera til den som er frisk òg.» Men er det slik at eg treng ei tru iblant, så trur eg at sanninga ligg ein stad mellom ja og nei.

   Det er stilt her på gravlunden. Så stilt skal det bli ein gong kring alle småfrelsarane i åndslivet.

Foto over: VisitOslo

14apr

Vår Frelsers gravlund 14. mai

Bli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai med vandring på Vår Frelsers gravlund og middag på Bondeheimen!

Frist for påmelding: 3. mai. Program og invitasjon under. 

Profil TorVår Frelser

08des

Jonsson til jul!

Tor Jonsson edI høve Tor Jonsson-jubiléet i fjor kom det ut to nye bøker med tekster av og om forfattaren. Boka Eit ord er eit under med Tor Jonssons eigne tekster i samling, kom i 2016. I år kom artikkelsamlinga Meg kan ingen grava ned med tekster om ulike sider ved livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Blant bidragsytarane her er Andreas Hompland, Ottar Grepstad, Arthur Arntzen, Aslaug Nyrnes, Jan  Inge Sørbø, Gard Espeland og Inge Eidsvåg. Elleve av tekstene er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka.

På Lom folkebibliotek har vi nå førjulssal på begge bøkene og Tor Jonsson-nett til 650 kroner. Dette er ein julegåveidé til dei som er interessert i forfattarskapen til Tor Jonsson, til dei som kan bli det, til historie- og lyrikkinteresserte over heile landet og til dei som har alt, men manglar desse bøkene i bokhylla. Bøkene og nettet kan sjølvsagt også kjøpast enkeltvis. 

Har du ikkje høve til å koma til biblioteket, kan bøkene bestillast på Oplandske bokforlag. Lenker i boktitlane over.

God jul og godt nytt Tor Jonsson-år i 2018!

Helsing Tor Jonsson-laget 

07okt

"Berre kjærleik og død" på Trøndelag teater

IMG 1507380064235 1 1

I dag er det igjen duka for oppsettinga "Berre kjærleik og død" av Ingar Sletten Kolloen på Trøndelag teater. 
 
Det blir gjensyn med forestillinga om diktaren Tor Jonsson og møtet hans med Ruth Alvsen, 17 år etter urpremieren i Teaterkjelleren.
 
Sidan den gong har "Berre kjærleik og død" vore spelt over 60 gonger, på fleire scener i landet. I fjor var det jubileumsforestilling i høve 100 års jubileet til Tor Jonsson, og stykket vart vist bl.a. på Diktardagar, Norsk Litteraturfestival og under Kulturnatt i Trondheim. Nå er oppsettinga attende der det heile starta – i Teaterkjelleren på Trøndelag Teater.
 
Tor Jonsson innleia eit forhold til journalisten Ruth Alvsen i 1950, og tok livet sitt berre eit halvt år seinere, 35 år gammal. Vi møter Ruth Alvsen kort tid etterpå der ho leitar etter svar på kvifor det gjekk som det gjekk. Gjennom leitinga hennar blir mennesket og diktaren Tor Jonsson løfta fram.
 
Under det heile dirrar tre spørsmål: Skriv Tor Jonsson frå første stund forteljinga om eit varsla sjølvmord? Kvifor tok han sitt eige liv? Og kunne nokon hindra det?
 
Stykket vert vist til og med 21. oktober i Teaterkjellaren. http://www.trondelag-teater.no/forestillinger/berre-kjaerleik-og-dod/

Fleire artiklar …

  • Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå
  • «Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson»
  • Tor Jonsson-året er over
  • Bokpakker med Tor Jonsson-bøker
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4

Siste Nytt

  • Nærast er du når du er borte. Dikt i samling
  • DØDSDAGEN
  • Minnemarkering
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"
  • Unge røyster. Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 30!
  • Diktardagar 2018
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Våre sponsorar

  • Admin
  • Sidekart
  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt