SIste nytt
Tor Jonsson
Han er ein av våre mest lesne lyrikarar. Nye og gamle lesarar finn meining, trøyst og glede i orda hans. Dikta og tekstane blir trykte i stadig nye opplag. Kva er det med Tor Jonsson? Forfattaren som vrengde sjela si for at vi andre skal kunne sjå oss sjølve litt betre. Husmannssonen som kjempa mot urett og undertrykking, men også med seg sjølv. 34 år gamal tok han sitt eige liv.
SISTE NYTT
BIOGRAFI
Livet til forfattaren
Forfattaren
Bøker, publikasjonar og artiklar av og om lyrikaren, forfattaren, samfunnsdebatanten, bladmannen og humoristen Tor Jonsson.
HENDINGAR
Historiske hendingar vi tenkjer tilbake på og framtidige planar og arrangement.
DIKT I TEKST OG TONAR
Mange av Tor Jonssons dikt er tonesatt. Her er nokre, men kan vi få hjelp til å finne fleire? torsbruo@gmail.com
Mitt TJ-Dikt
Mange har eit nært, sterkt og personleg forhold til Tor Jonssons dikt. Vil du dele ditt favorittdikt med oss? Send diktet og ei kort grunngjeving til:
torsbruo@gmail.com
Jubileumsår
I 2016 var det hundreårsjubileum sidan forfattaren vart fødd. I 2021 er det 70 år sidan han døydde og det kom ny Dikt i samling. Smakebitar frå den nye boka her
Tor Jonsson-Laget
Kva og kven vi er og kva vi gjer.
BIOGRAFI
Livet til forfattaren
Forfattaren
Bøker, publikasjonar og artiklar av og om lyrikaren, forfattaren, samfunnsdebatanten, bladmannen og humoristen Tor Jonsson.
HENDINGAR
Historiske hendingar vi tenkjer tilbake på og framtidige planar og arrangement.
DIKT I TEKST OG TONAR
Mange av Tor Jonssons dikt er tonesatt. Her er nokre, men kan vi få hjelp til å finne fleire? torsbruo@gmail.com
Mitt TJ-Dikt
Mange har eit nært, sterkt og personleg forhold til Tor Jonssons dikt. Vil du dele ditt favorittdikt med oss? Send diktet og ei kort grunngjeving til:torsbruo@gmail.com
Jubileumsår
I 2016 var det hundreårsjubileum sidan forfattaren vart fødd. I 2021 er det 70 år sidan han døydde og det kom ny Dikt i samling. Smakebitar frå den nye boka her
Tor Jonsson-Laget
Kva og kven vi er og kva vi gjer.
Stusslegstugu
«Stusslegstugu» i Lom var barndomsheimen til Tor Jonsson. Tor flytta hit da han var åtte år gamal. Det var ei stove familien hadde reist på plassen til morsslektningane hans like ved Andvord, vest for Lom sentrum, eit lite stykke oppover Solsidevegen. Her hadde dei ikkje ein gong så mykje jord at dei kunne setje ei bøtte poteter. Tor budde mesteparten av livet her saman med mora og ei ugift syster på eitt rom og kjøkken med sovealkove. Fyrst etter at mora døydde i 1950, flytta han til Oslo. Elles var han borte frå bygda og heimen berre i kortare i perioder. «Stusslegstugu» vart restaurert og opna for publikum etter avtale i 2000.
Refleksjonar av Cato Schiøtz
Cato Schiøtz har i ulike samanhengar synt stor interesse for livet og diktinga til Tor [...]
Les meirFestkveld i Utgard 12. november
Det er 70 år sidan Tor Jonsson døydde og vi arrangerer festkveld saman med Lom [...]
Les meirTor Jonsson-laget
Tor Jonsson-laget vart skipa i slutten av april 2000. Kort tid etter vart Tor Jonsson-stova opna for publikum. Lom kommune hadde da fått stova restaurert etter at ho hadde forfalle i fleire år.
Laget er organisert som foreining. Styreleiar er Håvard Teigen. Dei andre styremedlemmane er Hans Sandviken, Bård Hanem, Torstein Bruøygard og Rita Mundal. Vara: Andreas Hompland.
Føremålet med foreininga er å gjera livet, diktinga og heimbygda til Tor Jonsson betre kjend og tilgjengeleg og yte økonomiske bidrag til føremål og prosjekt som er knytt til livet, diktinga og heimbygda hans. Foreininga er sjølveigande og skal ikkje vera næringdrivande.
I 2016 stod Tor Jonsson-laget for markeringa av 100 årsjubiléet til Tor Jonsson.
Meld deg inn her