Category Archives: Alle Innlegg

Jesus hadde eit stort program, men så vart det berre kyrkje av det

Kyrkja bar eg opp i ein vakker bjørkelund, for der budde Gud. «Diktet» (Tekster I) Tor Jonsson syner eit kontrastfylt tilhøve til kyrkja alt frå dei fyrste tekstene han skreiv.  Midt i blant gardom stod kyrkja som ein gravstein, skriv han i novella «Guten som gjekk dit nordavinden slutta å blåse» frå 1936. I «Eit […]

Vellykka jubileumsmarkering i Lom

21. mai gjekk jubileumsmarkeringa for Tor Jonsson av stabelen i heimbygda Lom. Folk møtte opp i hopetal til opninga av den nyrestaurerte Tor Jonssons plass og til vandringa «Ord i stein». Steinheller med sitat av Tor Jonsson er nå plassert rundt omkring på Bergom, noko som gjer diktaren langt meir synleg i bygdesenteret. Ved stuslegstugu […]

Jubileumsmarkering i Lom 21. mai

Billettar og påmelding: Billettar til festkvelden Festmiddag på Fossheim kr 350. Påmelding innan 19. mai:  61 21 95 00. Om arrangementet: Jubileumsmarkeringa startar med opning av ein nyoppussa Tor Jonsson plass framfor Midtgard kl. 13.00. Der blir det helsingar ved leiaren for Tor Jonsson-laget og ordføraren i Lom. Songkoret Lomsklangen framfører dikt av Tor Jonsson. Så legg […]

Kjærleik og død – Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo og Ruth Lillegraven

Nasjonalbiblioteket måndag 2. mai kl. 19.00 Var eg ein Gud, / ville eg skapa / kjærleik og død, / berre kjærleik og død. Med fast rytme, korte verselinjer og store tema skreiv – og levde – forfattaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951). Han tok sitt eige liv berre 34 år gamal, men arbeidet hans set […]

Einseto – nytt album med tekster av Tor Jonsson

Albumet EINSETO lanserast 20.mai. Nye tonesettinger av Jonsson sine dikt ved Hildegunn Hovde og Aslak Brimi Einseto. Det å vera aleine med seg sjølv. Ha ei stille stund. Diktaren Tor Jonsson (1916-1951) hadde mange stunder for og i seg sjølv. I djupet. I kjærleiken. Eller manko på slikt. Jonsson hadde eit liv med papir og […]