Author Archives: master

Nærast er du når du er borte. Dikt i samling

Den nye boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling kom til i samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Det Norske Samlaget i høve at det i år er 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Her er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er […]

«Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson»

I dag er det 101 år sidan Tor Jonsson vart fødd i Lom. Jubileumsåret i fjor synte at det fortsatt er stor interesse for diktaren, og at mange av tekstane hans lever i beste velgåande. Vi i Tor Jonsson-laget er svært glade for at jubiléet vart så vellykka som det vart, med ei mengd godt […]

Tor Jonsson på frimerke

I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerket. Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), «den norske parlamentarismens far», med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia […]

«Tagal» Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo

Urframføring i Lom 12. november! Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30! Arr.: […]

Kvite fuglar – Tor Jonsson i fargar

Både svart og kvitt er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos Tor Jonsson. Men tekstane hans kan også vera fargerike, med både kontrastar og nyansar. Forestillinga Kvite fuglar er laga i høve jubileumsåret av Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. Her vekslar prosa, poesi og biografi med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. Premieren er […]